annonse

Fekk 14 nye gitarar

Nokre av elevane i 7. klasse ved Stanghelle skule viser fram dei nye gitarane. Bakarst frå venstre
NYE GITARAR: Helen Stanghelle, Jenny Solhaug, Ida Louise Middleton og Ingrid Sandal Furubotn. I midten frå venstre Olav Haugsnes Hagen og Thea Helle Jordalen. Fremst frå venstre Trym Langhelle, Anna Simmenes Wiers, Ida Helle Jordalen og Sigrid Tvedt. (Foto: Stanghelle skule)

Musikkundervisninga ved Stanghelle skule får seg eit skikkeleg løft når 14 nye gitarar no kan takast i bruk.

Esben Hesjedal

I fjor haust vann 7. klasse ved Stanghelle skule ein songkonkurranse. Premiepengane har gått til å kjøpa 14 nye gitarar.

Musikklærar Markus Kydland har mykje av æra for at musikkundervisninga er i stadig utvikling og inneheld mellom anna komponering og innspeling av songar.

Han fortel at med 14 nye gitarar ved skulen, så blir det meir gitarundervisning framover.

– Både elevane og eg er glade for at instrumentutvalet på skulen vert større og større. Mange elevar er blitt veldig glade i å jobba med prosjekt der me speler inn både vokal og instrument sjølve. Då er det kjekt at fleire kan læra seg å spela gitar, slik at fleire får moglegheit til å spela inn, seier Kydland.

Premiepengane kom frå ein songkonkurranse arrangert av avisa Framtida Junior, som gjekk ut på at skular skulle senda inn ein video der dei song «Blåmann blåmann bukken min».

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.