annonse

Fin start for damelaget

TOMMEL OPP
TOMMEL OPP: Trenar Bjørn Skjærveggen var fornøgd med dei unge debutantane på Dale/Vaksdal/Stanghelle sitt damelaget i seriestarten. Her to av dei, øvst Vanja Falkanger, nede Karoline Solberg Sandvik. (Foto: Arkiv)

FOTBALL: Dale/Vaksdal/Stanghelle sitt damelag fekk ein flott sesongstart då Lindås vart slått 3-1 på bortebane søndag.

Esben Hesjedal

To mål av Anna Elisabeth Øyrehagen Akselvoll og eitt av Pia Dahle Skjerveggen sytte for tre poeng.

Fortent siger

Trenar Bjørn Skjerveggen er fornøgd og fortel om ein positiv kamp.

– Me vann fortent, og det vart vist mykje godt spel. Grunna nokre forfall frå spelarar som var på jobb, så stilte me med ein god del nye og unge spelarar. Dei klarte seg svært bra, meiner Skjerveggen.

Unge Marthe Karlsen, Karoline Solberg Sandvik, Tonje Trohjell og Vanja Falkanger debuterte i a-lagssamanheng, medan Lena Jondahl Haugen spelte sin første kamp i den blå drakta til Dale/Vaksdal/Stanghelle.

Anna Elisabeth Øyrehagen Akselvoll sette inn 0-1 i det 41. minutt, etter å ha blitt spelt gjennom av Pia Dahle Skjerveggen.

– Anna Elisabeth runda keeper og sette ballen i mål. Det var flott spel og ei roleg og fin avslutning. Me måtte omrokkera litt på laget, og Anna Elisabeth spelte i angrep i ein for ho uvant posisjon. Men det fiksa ho veldig bra, fortel Skjerveggen.

Roser dei unge

Like etter pause la Pia Dahle Skjerveggen på til 0-2. Ho vart spelt gjennom på kanten, og frå svært spiss vinkel fekk ho sett ballen imål på innsida av keeper.

Lindås reduserte til 1-2 etter 65. minuttars spel, og heilt på slutten skåra Anna Elisabeth Øyrehagen Akselvoll til 1-3 som vart sluttresultatet.

– Dette var ein god start, og spesielt kjekt at dei unge spelarane gjorde ein så fin innsats. Neste kamp er heime på Geitabakken søndag mot Olsvik. Det ser me fram til, seier Bjørn Skjerveggen.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.