annonse

Flaum stengjer skuleveg på Stanghelle

FLAUM
FLAUM: To bilar står fast i flaumvatnet i undergangen opp til Brekkjen på Stanghelle. (Foto: Privat)

Store nedbørsmengder gjer at undergangen opp til Brekkjen på Stanghelle står under vatn torsdag morgon.

Esben Hesjedal

Det har danna seg eit basseng med vatn i undergangen, og to bilar har fått motorstopp og står fast der.

Skuleveg

Dette er skuleveg for borna ved Stanghelle skule, og Torstein Mehus i Vaksdal kommune opplyser at ein har sett ut vaktar i området.

– Det som går på skulevegen har me sett inn tiltak på, for ein kan verken køyra eller gå gjennom undergangen.

Vegvesenet sitt ansvar

Flaum i undergangen, som vart etablert i samband med omlegginga av vegsystemet i området då det nye E16-krysset vart bygt, er eit tilbakevendande problem.

– Dette er framleis Statens vegvesen sitt anlegg, kommunen har til no sagt nei til å overta det. Det er nettopp på grunn av problema ein no ser, ved at kapasiteten på røyrsystemet som skal ta unna vatn er for dårleg. Det har me varsla vegvesenet om ved ei rekkje høve. Kommunen vil ikkje overta dette anlegget, slik meininga var, før det er gjort tiltak som hindrar slike situasjonar. Slik me vurderer det må det eit større arbeid til for å fiksa dette, seier Mehus.

Vegvesenet sin entreprenør er på staden og jobbar med utfordringane dei store vassmengdene har skapt.

eh@vp.no




Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.