annonse

Fleire les VaksdalPosten

VP
VP: VaksdalPosten auka i 2017 opplaget.

Opplagstalet til VaksdalPosten auka i 2017 til 2.200. Dette er 17 fleire enn året før.

Onsdag vart opplagstala til norske aviser lagde fram. For VP var det positive tal.

– Me er fornøgde med at avisa styrkjer seg i ei utfordrande tid, og håpar denne fine trenden held fram, seier redaktør Esben Hesjedal.

Fin utvikling på nett

VaksdalPosten sine opplagstal har opp gjennom åra vore rimeleg stabile. I fjor innførte VaksdalPosten, slik mange andre aviser har gjort, låste saker på nettsida VP.no

Abonnentane til VP kan på nettsida lesa både låste saker og heile avisa. Mange har oppretta digital brukar, slik ein må for å kunna logga inn. Abonnentar som ikkje har gjort dette endå, kan kontakta VP slik at ein får tilgang.

– Innføringa av låste saker har vore vellukka. Trafikken på VP.no er framleis bra, og me ser at ein god del av dei som tidlegare berre leste gratissaker på nettet no har valt å bli abonnentar. Det er positivt, seier Hesjedal.

Naboavisene

Naboavisene Hordaland på Voss gjekk fram med 5 aviser til 7.885, medan Samningen gjekk tilbake med 28 aviser til 1.396. Bygdanytt i Arna gjekk fram med 339 til 4.359. Bergensavisene BT og BA har stor framgang. BT auka med 2.882 til eit opplag på 71.949, medan BA gjekk fram med 2.352 til 16.275.

Opplagstala omfattar både det digitale og papiraviser.

Stabilt for lokalavisene

Tal for dei vel 100 lokalavisene som er tilknytt Landslaget for lokalaviser viser ei stabil opplagsutvikling. Samla gjekk opplaget tilbake med 0,23 %.

LLA sin generalsekretær, Rune Hetland, er fornøgd med utviklinga.

– Over ein tredjedel av lokalavisene aukar opplaget, andre aviser går noko tilbake det siste året. Over tid har opplaget til lokalavisene vore stabilt, så dei står svært sterkt i befolkninga. Lokalavisene tar samfunnsansvar og er lim og lupe i lokalsamfunnet. Avisene våre byggjer lokal identitet og engasjement i nærmiljøet. Fleire lokalaviser satsar no på ein kombinasjon av nett og papir, og det gler oss at lesarane set pris på å få innhaldet vårt på forskjellige plattformer. I tillegg er lokalavisene framleis ein effektiv marknadsplass for lokale og nasjonale annonsørar, seier Hetland.

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.