annonse

Flott peparkakelandsby

PEPARKAKELANDSBY
PEPARKAKELANDSBY: Mykje folk ville sjå peparkakelandsbyen i bankbygget. (Foto: Esben Hesjedal)
VEKOMMEN
VEKOMMEN: Eva Blålid ønskte velkommen. (Foto: )
SNORKLIPPING
SNORKLIPPING: Peparkakelandsbyen vart opna på høgtideleg vis. (Foto: )
MÅLERI
MÅLERI: På baksjefen sitt gamle kontor er det måleriutstilling. (Foto: )
LYS
LYS: Julelysa vart tende i Gatå. (Foto: )
MYKJE FOLK
MYKJE FOLK: Det var bra med folk i Gatå under julegateopninga. (Foto: )
FOTO
FOTO: Det var også fotoutstilling i bankbygget. Her Anne Sellevold Hol og Kåre Lekve, sistnemnde frå fotolaget. (Foto: )
JULESONG
JULESONG: Førjulskonsert i Dalehallen med elevar frå barneskulen akkompagnert av Dale Musikkforening. (Foto: )
FRÅ SYRIA
FRÅ SYRIA: Det var både norske og syriske julesongar å høyra i Dalehallen. (Foto: )

Torsdag vart peparkakelandsbyen på Dale opna, og folk var imponert over nyskapinga i dei tidlegare banklokala.

Tradisjonen tru var det mykje folk og kaldt då julegata på Dale vart opna. Men etter at lysa å Gatå var tende, vart folk invitert inn i varmen i lokala der Sparebanken Vest tidlegare hadde tilhald.

– Peparkakelandsbyen er komme i stand mellom anna grunna Liv og lys-prosjektet for Dale sentrum, stor engasjement og bakelyst mellom skular, barnehagar og andre og ikkje minst at Kero velvillig har lånt ut lokala til oss. Dei har peparkakeby i Bergen også, men den på Dale er meir lokal - her kan ein sjå mange bygg ein kjenner seg att i, smilte Eva Blålid i Dale Sentrumsforening då ho ønskte velkommen.

Peparkakelandsbyen vil vera open i helgene fram mot jul.

– Imponert

Tre barneskuleelevar frå skulen på Dale for snorklipp, og så vart banklokala fylte med folk.

Tor Tveterås var ein av dei mange som var imponerte over det ein fekk sjå.

– Dette var rett og slett veldig flott. Eg hadde ikkje trudd det var så omfattande og forseggjort. Nei, ein treng ikkje reisa til Bergen for å sjå Peparkakebyen der. Vår er mindre, men vel så fin, meinte Tveterås.

I tillegg til peparkakebakverka, hadde kunstlaget utstilling av måleri på gamlekontoret til banksjefen. Og i naborommet var det fotolaget som hadde stilt ut sine blinkskot.

Førjulskonsert

Etterpå var det førjulskonsert i Dalehallen, der Dale Musikkforening sytte for musikalsk julestemning saman med barneskuleelevane på Dale. Her var det mykje både vakkert og sjarmerande å oppleva for publikum, og til slutt kom det to små nissar også. Og dermed fekk dei aller yngste ein god start på førjulstida.

eh@vp.no







Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.