annonse

Førebur TV-aksjonen

OPPFORDRAR
OPPFORDRAR: Sigmund Simmenes oppfordrar folk til å bidra som bøsseberarar. (Foto: Kristine Næss Thorsen)

TV-aksjonen på NRK skal gå til Care, som jobbar for å betra forholda til fattige kvinner i sårbare område.

Kristine Næss Thorsen

– I Vaksdal kjem me til å følgja vanleg mønster, der kvar bygd får besøk av bøsseberarar, seier Sigmund Simmenes.

TV-aksjonen som første gang vart arrangert i 1974 blir i år 20. oktober. Simmenes håpar at folk i kommunen melder seg som bøsseberarar.

– Me treng om lag 80 personar til å gå rundt med bøsser i kommunen.

Hjelper kvinner

TV-aksjonen i år handlar om at kvinner og barn vert hardast råka av fattigdom, og at kvinner ikkje har dei same mogelegheitene og rettane som menn.

Ifølgje TV-aksjonen sine nettsider skal CARE gje minst 400.000 kvinner mogelegheit til å starta eigen verksemd, få eigen inntekt, starta egne spare- og lånegrupper, og få ei røyst i politikken og i lokalsamfunnet. Dette gjev ringverknadar for 1,5 millionar menneske i nokre av verdas fattigaste land.

– Kvifor er det viktig å støtta opp om dette?

– Det handlar om internasjonal solidaritet i eit velståande Noreg. Dessutan er Care ein av organisasjonane som verkeleg har fått til mykje for ungdom og kvinner i u-land. Dei fleste i organisasjonen jobbar frivillig, noko som gjer at det meste går rett til dei som treng det, seier Simmenes.

Lån og sparegrupper

Appia Mkoba, kona til Sigmund Simmenes, har sjølv jobba i Care og sett kva organisasjonen kan gjera for kvinner.

– Eg vart stasjonert nord i Tanzania og hadde ulike prosjekt rundt i landet. Til dømes lærte me opp bønder til å skaffa seg teknologi som kunne brukast i produksjonen. Me hadde eit leseprosjekt, miljøprosjekt og organiserte også låne- og sparegrupper, fortel ho.

God innsats

Låne – og sparegruppene gjekk ut på at ein kjøpte aksjar for å vera med i gruppa, og kunne låna ut pengar til kvarandre.

– Når ein betalte tilbake pengane betalte ein også inn renter. Det gjorde det mogeleg å gje ut løn i forhold til kor mykje aksjar ein hadde kjøpt.

Appia meiner organisasjonen yter ein god innsats.

– Målgruppene som ikkje har så mykje blir løfta opp, samtidig som arbeidet fører til utvikling i landet. Det er også viktig med miljøperspektivet og utdanning for å syta for gode levekår for kommande generasjonar.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.