annonse

Første kunde på Dale outlet & cafe

FØRST I KØ
FØRST I KØ: Nancy Miller frå Minnesota var Mildrid Hansen Dalseid sin første kunde på Dale Outlet & Cafe på Dalegården. Ho kjøpte garn, som er ein av mange produkt i verksemda. (Foto: )

I dag opna nysatsinga Dale outlet & cafe på Dalegården. Amerikanske Nancy Miller var først i køen.

– This is a really nice place, sa Nancy Miller frå Woodbury, Minnesota.

Ho er på noregsferie for tida, og stoppa tilfeldigvis hjå Dale outlet & cafe, som hadde offisiell opning i dag.

Håpar på ringverknader

Mange forbipasserande og lokalfolk hadde teke turen for å sjå på nysatsinga på Dalegarden.

Ordførar Eirik Haga klipte snor, og både han, Dale Sentrumsforening og Vaksdal Næringsselskap heldt talar for gründerparet Mildrid Hansen Dalseid og Kjell Ove Dalseid.

Dagleg leiar i Vaksdal Næringsselskap, Vidar Skeie, fortalde at han var imponert over kor raskt etableringa er komme opp.

– Eg hugsar Kjell Ove ringde ein fredag i oktober, og måndagen etter hadde me møte. Han hadde ein heilt klar visjon om kva han ville skapa. No, eit halvt år etter, står bygget klart. Me er imponerte over kor effektive og målretta de har jobba, og håpar at dette vil trekkja til seg kundar både lokalt og blant dei mange forbipasserande på E16. I tillegg håpar me at dette vil inspirera andre til å etablera verksemder lokalt, sa Skeie.

Noko for einkvar smak

Då dørene vart opna, strøymde folk inn for å sjå. Det heile er ein stor open hall, med mange avdelingar. Her kunne ein finna alt frå garn til pyntegjenstandar, fritidsklede og sengetøy. I eine enden er det også kafé med mange sitjeplassar både inne og utandørs.

Ordførar Eirik Haga meiner satsinga på Dalegården har stort potensial.

– Dette er veldig spennande. Eg er mektig imponert over kva Kjell Ove og Mildrid har skapt her. Over 5000 bilar passerer Dale kvar einaste dag, og no har dei endå ein grunn til å stoppa her, sa Haga.

sc@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()