annonse

Fotballskule for fjerde gong

FOTBALL
FOTBALL: Preben Sandvik følgjer med på dei unge spelarane på fotballskulen på Geitabakken. (Foto: Kristine Næss Thorsen)
FOTBALL
FOTBALL: Instruktør Stian Lid Lervik spelar fotball med deltakarane på fotballskulen. (Foto: Kristine Næss Thorsen)
FOTBALL
FOTBALL: Frida Fardal Jakobsen, Maylinn Amundsen Solberg, Styrk Brattabø og Noah Terjesen Boge likte seg godt på fotballskulen på Geitabakken. (Foto: Kristine Næss Thorsen)
JENTER
JENTER: Frida Fardal Jakobsen var ein av mange ivrige jenter på fotballskulen. (Foto: Kristine Næss Thorsen)
KAMP
KAMP: Ei skikkeleg fotballkamp høyrer med. (Foto: Kristine Næss Thorsen)
FOTBALLSKULE
FOTBALLSKULE: Mange triks å plukka opp på Geitabakken denne veka. (Foto: Kristine Næss Thorsen)
7-12 ÅR
7-12 ÅR: Jenter og gutar i alderen 7 til 12 år frå ulike delar av kommunen deltok på fotballskulen. Her saman med instruktørane Preben Sandvik og Even Johansen Indrebø. (Foto: Kristine Næss Thorsen)

100 ivrige born har dei siste dagane terpa fotballteknikk, spelt fotball og ikkje minst hatt det kjekt i lag.

Kristine Næss Thorsen

– Heia, heia!

Frå sidelinja i eit hjørne av Geitbakken høyrest ivrige rop. Nei, det er ikkje fotballkamp, men det blir terpa på ulike øvingar tysdag når VP er innom, som ein del av opplegget på Tine Fotballskule denne veka.

Fotballskulen er eit aktivitetstilbod for born i heile landet i sommarmånadene. På Dale er det i år fotballskule for fjerde gong.

– Kjekkast å spela

– Å spela er det kjekkaste på fotballskulen, meiner Noah Terjesen Boge frå Vaksdal, som har vore deltakar alle dei fire åra.

Han fortel at han har lært ein del av å delta.

– Drøymer du om å bli fotballproff?

– Eg vil iallfall bli god, men det spørst om eg blir fotballproff, smiler han.

Styrk Brattabø frå Stanghelle meiner det beste med fotballskulen er å vera i aktivitet.

– Og så er det sjølvsagt å vera sosial og treffa vener.

Frivillige trenarar

Trenarane på fotballskulen spelar gjerne fotball sjølv. Ole Marius Jakobsen, som spelar på a-laget på Dale, er ein av dei som jobbar frivillig på Geitabakken desse dagane.

– Det går veldig bra og det er god stemning, men me var litt uheldige med vêret tysdagen.

Han fortel at opplegget har vore at deltakarane har blitt delte inn i grupper etter alder, og øver på ulike ting.

– Me har pausar innimellom, et frukost, lunsj og har fruktpause. Gruppene har ulike øvingar, og me spelar sjølvsagt fotball. På slutten av dagen kan dei gjera litt meir fritt som dei vil.

Som avslutning siste dag vert det fotballturnering med blanda lag frå 1. til 7. klasse.

– Kvart lag representerer eit land. Etter turneringa blir det grilling, fortel Jakobsen.

Gutar og jenter

Han forklarar at det er om lag like mange gutar som jenter som har deltek på fotballskulen.

– Det er veldig kjekt, understrekar han.

Tidlegare har fotballskulen fått besøk av Brann-spelarar, men at det lét seg ikkje gjera i år.

– Det var diverre for tett opp til eigen kamp for dei, forklarar Jakobsen.

Arne Johnsen i Dale IL meiner fotballskulen har vore kjempebra også i år.

– Det er kjekt å sjå at så mange vil hjelpa til, og at dei som elles er spelarar vil vera trenarar her på fotballskulen, seier Johnsen.

knt@vp.no



Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.