annonse

Fotballskule med Brann-besøk

GOD STEMNING
GOD STEMNING: Brann-besøk var populært på Geitabakken. (Foto: Esben Hesjedal)
FOTO
FOTO: Alle 100 deltakarane på fotballskulen vart fotograferte saman med Brann sin austerrikske keeper Samuel Sahin-Radlinger og talentet Nicholas Marthinussen. (Foto: )
SKYT
SKYT: Det var lange dagar med mykje fotball på Geitbakken. (Foto: Esben Hesjedal)
GENSER
GENSER: Tradisjonen tru fekk Brannspelarane overrekt Dalegenser då dei gjesta fotballskulen på Dale. Frå venstre Samuel Sahin-Radlinger, Nicholas Marthinussen og Geir Karstensen. (Foto: )
AUTOGRAFAR
AUTOGRAFAR: Nicholas Marthinussen (t.v.) og Samuel Sahin-Radlinger delte ut autgrafkort. (Foto: Esben Hesjedal)
BILETE
BILETE: Det var populært å bli tatt bilete av saman emd Brann-spelarane. (Foto: Esben Hesjedal)

100 fotballspelande born boltra seg på Geitabakken sist veke, og eit av høgdepunkta var nok då to Brann-spelarar kom på besøk.

Dale IL har som tidlegare år arrangert fotballskule den første veka i skuleferien, og interessa er som før stor. Dei 100 deltakarane fekk helsa på Brann sin austerrikske keeper, Samuel Sahin-Radlinger, og talentet Nicholas Marthinussen.

I sola på Geitabakken var stemninga god, og Geir Karstensen i Dale IL fortel om ei vellukka «skuleveke» på Geitabakken.

– Oppslutnaden er imponerande god, eg veit om fotballskular i Bergen som har vesentleg færre deltakarar enn det me har. Og det faktisk same veka som det er villmarksleir på Småbrekke. Me hadde planar om å kontakta arrangøren der og sjå på eit samarbeid, men så viste det seg at også den leiren vart fullteikna. Det er ingen tvil om at ungane likar å vera med på leir, smiler Karstensen.





Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.