annonse

Fotogåver til sjukeheimane

TAKKSAM MOTTAKAR
TAKKSAM MOTTAKAR: – Dette er veldig kjærkome for bebuarane, som gjerne har mange minne frå desse stadane, seier avdelingsleiar ved Vaksdal sjukeheim, Kari-Mona Hernes (til høgre) om landskapsfotografia dei fekk av Bente Helle og Kjell Stokke i Dale Fotolag. (Foto: Stine Strand Carlsen)

Overskotet frå Dale Fotolag sin fotokalender for 2017, blei brukt til å forstørra 20 bilete som vart gjevne i gåver til Vaksdal sjukeheim og Daletunet omsorgssenter.

Stine Strand Carlsen

Bente Helle og Kjell Stokke frå Dale Fotolag overleverte nyleg fotografia til sjukeheimane. Fotografia er tekne av medlemene i fotoklubben, og er frå ulike stader i kommunen.

Avdelingsleiar ved Vaksdal sjukeheim, Kari-Mona Hernes, er svært takksam for gåvene.

– Dette var ei kjempeoverrasking for oss. Mange av bebuarane har desse stadane friskt i minnet, og har gjerne opplevingar herifrå som barn, unge og vaksne. Å få det visualisert på denne måten kan trigga minne og historier tilbake for mange, så dette er veldig kjærkome for oss, seier Hernes.

Gjer ein flott jobb

Kjell Stokke fortel at fotolaget kvart år gjev vekk overskotet frå fotokalenderen til nokon dei synest fortener det.

– Me har tidlegare gjeve overskotet til skulekorps, Geitabotn Motocrossklubb og besøkstenesta til Røde Kors. Det er mange som gjer ein flott jobb i kommunen, og ved sjukeheimane finn ein definitivt nokre av dei, meiner Stokke.

Mange planar

Dale Fotolag har 15 medlemmer, og held til i bedehuset på Stanghelle. Dei har mange planar framover.

– Me har ofte samlingar, og får jamleg kurs av ein flink fotograf frå Bergen. No skal me mellom anna læra meir om korleis me kan ta betre bilete med mobilen. Me jobbar også med fotokalenderen for 2018 og planlegg ein langtur til Herdla ut på hausten, fortel Bente Helle.

sc@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.