annonse

Frigjev namnet etter E16-ulukke

RYKTE UT
RYKTE UT: Lokale brannmannskap rykte ut til ulukka i Trengereidtunnelen 8. mars. (Foto: Illustrasjon)

Namnet på den 40 år gamle mannen som omkom i trafikkulukka i Trengereidtunnelen 8. mars er frigjeve.

Politiet melder at det var Harald Midttvedt Kløve frå Granvin som omkom.

– Namnet vert offentleggjort i samråd med familien til avdøde. Politiet jobbar framleis med tekniske undersøkingar og har ikkje noko nytt å opplysa om i saka, heiter det i ei melding frå, Arne Lutro i Vest politidistrikt.

Ulukka skjedde då ein elbil og ein lastebil kolliderte inne i Trengereidtunnelen.

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.