annonse

Frykta båtbrann

UTRYKKING
UTRYKKING: Torsdag kveld gjekk alarmen, men det viste seg å vera udramatisk. (Foto: )

Ein mo­ge­leg båt­brann utan­for Sta­ve­nes vis­te seg å vera eit bål i strand­so­na.

Tors­dag kveld klok­ka 21.30 gjekk alar­men hjå Vaks­dal brann­vern. Det vart rykt ut både frå brann­sta­sjo­nen på Vaks­dal og på Dale.

– Det vil seia at det var ber­re Trollkjelen på Vaks­dal som kom seg på hjul før ak­sjo­nen vart av­blåst. På Dale kom me ik­kje len­ger enn til brann­sta­sjo­nen, for­tel ut­ryk­kings­lei­ar Morten Svar­stad.

Det vis­te seg at mel­da­ren had­de sett feil.

– Det er fort gjort, og heilt greitt. Det er bet­re å ring­ja ein gong for mykje eller ein gong for lite. Og så fekk me tes­ta be­red­ska­pen, sei­er Svar­stad.

Klikk for å se kommentarer ()