annonse

Full K5-kamp fram til 19. juni

K5
K5: Byråd for byutvikling i Bergen, Anna Elisa Tryti, roste Vaksdal kommune for å ha fått utarbeidd moglegheitsstudar for mellom anna Stanghelle. (Foto: Boris Groth)

  • Es­ben He­sje­dal

Kam­pen for tid­le­ga­re opp­start av K5 held fram, sist un­der ein sam­ferds­le­kon­fe­ran­se i Ber­gen tors­dag før­re veke. Aust-Vest-kon­fe­ran­sen i Grieg­hal­len før­te ik­kje med seg så mykje nytt.

– Men det var ein tverrpolitisk vilje frå Hordaland til å løfta E16/Bergensbanen fram. Det å stå saman med Ringerike synleggjer òg at dette er ikkje ein veg- og banestubb til Stanghelle, men hovudfartsåra mellom Oslo og Bergen, seier dagleg leiar i Vaksdal Næringsselskap, Vidar Skeie.

Held trykket oppe

Han meiner kon­fe­ran­sen bidrog til å hal­da tryk­ket på K5-saka oppe, og det er vik­tig no i tida fram mot Stor­tin­get si be­hand­ling av Na­sjo­nal Trans­port­plan (NTP).

Sam­ferds­le­mi­nis­ter Ke­til Sol­vik-Olsen del­tok på kon­fe­ran­sen, sa­man med dei ei rek­kje sent­ra­le po­li­ti­ka­rar frå Hor­da­land. Sol­vik-Olsen kom ik­kje med nye lov­na­der angåande opp­start av ny veg og bane mel­lom Arna og Stanghelle.

– Det var vel hel­ler ik­kje for­ven­ta at mi­nis­te­ren skul­le kom­ma med nye ut­spel. Men han lyt­ta, og er svært klar over en­ga­sje­men­tet for K5 og kva som rø­rer seg her i vest. Det er også vik­tig at nær alle po­li­ti­ka­ra­ne på kon­fe­ran­sen tok til orde for at K5 er kom­me for dår­leg ut i trans­port­pla­nen, sei­er Skeie.

2022 el­ler 2021

Vi­dar Skeie på­pei­kar at alle po­li­ti­ka­ra­ne no snak­kar om opp­start i 2022, og at flei­re tek til orde for 2021.

– Å få K5 inn i første del av NTP, er det al­ler vik­ti­gas­te. Men det er nok slik at skal det flyt­tast på pen­gar, så kjem­par me her i Hor­da­land mot Aust­lan­det. Det einaste pro­sjek­tet frå Hor­da­land som ligg inne i første 6-års­pe­ri­o­de i for­sla­get til NTP, er Sot­ra­sam­ban­det. Det er nok lite ak­tu­elt å røra det, så det må over­fø­rast pen­gar frå pro­sjekt på Aust­lan­det. Un­der kon­fe­ran­sen var SV kla­rast her. Au­dun Lys­bak­ken har par­t­iet sent­ralt med seg i at ein bør ta pen­gar frå motor­veg­pro­sjekt rundt Oslo, sei­er Skeie.

Kli­ma­pro­sjekt

By­råd for by­ut­vik­ling i Ber­gen kom­mu­ne, Anna Eli­sa Try­ti, tok til orde for at K5 er eit na­sjo­nalt kli­ma­pro­sjekt. Ho vis­te bi­le­te frå Vaks­dal kom­mu­ne, og rosa kom­mu­nen for å ha fått ut­ar­beidd moglegheitsstudiar for byg­de­ne lags Vos­se­ba­nen.

– Try­ti pei­ka på at det for Ber­gen er mykje bet­re å få vekst gjen­nom tog­pend­ling frå aust, enn bil­ba­sert innpendling, for­tel Skeie.

Han ser tida fram til Stor­tin­get si be­hand­ling av Norsk Transportplan 19. juni som både vik­tig og spen­nan­de.

– Erna Solberg har sagt ho skal ha sam­ta­lar om K5 med Venst­re og KrF før be­hand­lin­ga av NTP i Stor­tin­get. Det kan ver­ta av­gje­ran­de, sei­er Vi­dar Skeie.

eh@vaksdalposten.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.