annonse

Fv 569 vert ikkje opna i dag

RAS
RAS: Det vert jobba med å rydda raset på fv 569 mellom Dalseid og Tretteneset. (Foto: Esben Hesjedal)

Mannskapet som held på å rydda i rasområdet på fylkesveg 569, treng meir tid. Vegen vert ikkje opna i dag, torsdag.

Magne Solhaug

Byggjeleiar Bente Bergstø i Statens vegvesen seier til VP torsdag i 12-tida at det også er uvisst om ein greier å opna vegen i morgon, fredag.

– Det skal takast ei ny vurdering på det fredag klokka 10, seier Bergstø.

Det viser seg at arbeidet er meir omfattande enn det vegvesenet først såg føre seg.

– Ein har jobba i dag med å få ned den store blokka som hang att oppe der raset sleppte, pluss at ein har reinska og rydda i rasløpet. Etter kvart som ein har fått ned lause steinar så har nye utfordringar, med mellom anna meir laus stein, dukka opp i bakkant. No skal det jobbast på rasstaden utover dagen i dag, og i morgon. Så skal det som sagt takast ei ny vurdering av situasjonen klokka 10 i morgon føremiddag, seier Bergstø.

Raset som stengde fylkesveg 569 gjekk onsdag morgon klokka 05.30.

Det er ikkje lagt opp til noko organisert båtskyss forbi rasstaden på fylkesvegen mellom Dalseid og Tretteneset.

Vegstenginga har skapt utfordringar for Posten. Onsdag var det ikkje alle i indre strøk som fekk post, medan Posten torsdag sette inn ekstramannskap som køyrde om Nesheimsfjellet for å få delt ut posten, mellom anna lokalavisa.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.