annonse

Fylkesvegen vert stengt i fleire dagar

STORE STEINAR
STORE STEINAR: Det er store steinblokker som har komme ned på fv 569 mellom Dalseid- og Tretteneset. (Foto: Statens vegvesen)

Raset på fv 569 mellom Dalseid og Tretteneset onsdag morgon, gjer at vegen vil verta stengt i fleire dagar.

Magne Solhaug

Det viste seg at ei stor blokk på mellom 10 og 20 m³ ligg att oppe i området det raset losna.

Geolog i Statens vegvesen, Harald Hauso, fortel at raset har losna om lag 120 meter over vegbana.

– Det er ein større fjellnabb som har rasa ut. Her ligg altså att ei stor blokk som kan komma ned kor tid som helst. Den ligg berre på «god vilje», og den lyt sprengjast vekk, seier Hauso.

Uvisst når vegen kan opnast

Nedover i rasløpet ligg det også mange lause blokker att. Raset har gått gjennom ei gammal ur.

– Her må det fjellreinsking til, og no vert det jobba med organisering av dette, seier Hauso onsdag klokka 10.30, som trur at vegen vert stengt i fleire dagar.

– Trur du vegen kan opnast til helga?

– Det er umogeleg å seia, det spørst nett kva arbeidsfolka som reinskar støyter på undervegs her, seier geolog Harald Hauso.

Ingen råka

Til alt hell var det ingen bilar eller personar som vart råka av steinane som dundra ned i vegbana.

Det var i 05.30-tida onsdag morgon det vart meldt om raset på fylkesvegen som bind Stamnes og indre strøk til E16.

Raset gjekk mellom to små tunnelar, og dundra ned i vegen mellom Dalseid og Tretteneset.

Omkøyring er via fylkesveg 313 over Nesheimsfjellet, eventuelt via Modalen og vidare til Bergen.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.