annonse

Glade JA-folk på Stamnes

JA-PRISVINNARANE
JA-PRISVINNARANE: JA-prisen til korpsentusiastane Hege Eilertsen og Terje Pedersen. Med på biletet er også dottera Sigrid, som sjølvsagt spelar i barne- og ungdomskorpset. (Foto: )

Magne Solhaug

Korpsekteparet Hege Alette Eilertsen og Terje Pedersen var glade mottakarar av Stamnesbygda sin JA-pris på 17. mai.

– Dette var kjekt, og inspirerer til meir jobbing for ung korpsmusikk i kommunen vår, seier dei to entusiastane, som trygt må kunna kallast viktige drivkrefter i Vaksdal barne- og ungdomskorps.

Godt i gang

17. mai fekk også Stamnesbygda høyra det flotte resultatet. Førebels saman med Blanke Messingen, men intensjonen er at dei snart skal kunna spela åleine.

– Her er mange talent, og så har me ein dyktig dirigent, Ole Kristian Bonden, som veit å inspirera dei unge, seier Terje Pedersen.

Vil ha med heile Vaksdal

Utfordringa deira er blitt at korpset endå ikkje er eit korps for heile kommunen. På Stamnes var dei aller feste av dei knappe 20 unge musikantane frå bygda. Heile skulen var med. Det var lett å sjå bak klassefanene i 17. mai-toget, der gjekk det mest foreldre.

– No skal me ha stand på Daledagane, der må håpar å få med fleire unge frå dei andre bygdene. Det må me greia, seier Hege Alette og Terje.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()