annonse

Gler seg til ei fredeleg julefeiring

FLEIRSPRÅKLEG
FLEIRSPRÅKLEG: Fares Alammar (6) og syskena hans snakkar både norsk og arabisk. Bak Fares er mamma Mirvet, systera Julia (10) og systera Diana (12). (Foto: Kristine Næss Thorsen)
Stova til familien Alammar er julepynta. Frå venstre
JULEPYNTA: Fares (6), mamma Mirvet, Julia (10), (12), pappa Ziad og Amir (2). (Foto: Kristine Næss Thorsen)
FØDD I NOREG
FØDD I NOREG: Amir (2) er fødd etter at familien kom til Noreg. Her er han saman med pappa Ziad. (Foto: Kristine Næss Thorsen)

For tre år sidan kom Ziad, Mirvet og borna til Dale, etter å ha flykta frå borgarkrigen i Syria. No ser fram til ei fredeleg jul med gåver og halal-pinne- kjøt på julaftan.

Kristine Næss Thorsen

Det er under ei veke til jul, og juleførebuinga er i gang hjå familien Ziad Alammar og Mirvet Jebur og dei fire borna deira, som har budd på Dale sidan 2015. I vindauget heng raude julegardiner, og eit lite juletre står pynta og klart til julefeiring i stova.

– Ja, me feirar jul sjølv om me er muslimar, på same måte som nordmenn feirar jul, fortel Ziad.

Halal pinnekjøtt

På menyen julaftan står halal-pinnekjøt, som er pinnekjøt som er laga på ein spesiell måte, slik at det er lovleg å eta for muslimar. Til dessert blir det mellom anna kake og is.

– Me kjøper gåver til borna og naboborna, og borna våre får gåver av dei. På julaftan pakker dei opp pakkene, og så et dei mykje godteri, smiler Ziad.

Han fortel at borna førbur seg til jul på skulen. Dei syng mellom anna i kyrkja og feirar Lucia.

– Det er ikkje alle muslimar i Noreg som gjer det på same måte som oss, men mange tek del i julefeiringa. Nokre går også i kyrkja på julaftan, men det varierer også, understrekar Ziad.

– Mennesket er viktigast

Han forklarar at den største høgtida for muslimar er Eid, som vert feira to gangar i året. Eid markerer at den muslimske fasta, ramadan, er over.

– Eid feirar me litt på same måte som jul. Me får besøk av familien og vener, og et god mat.

Ziad er oppteken av at også vener frå andre religionar er med på eid-feiringa, akkurat som han som muslim feirar jul.

– Det som er viktig er personlegdomen til vennene våre, ikkje kva dei trur på. Dei fleste vennene mine er kristne, og me delar både gleder og sorger, og høgtider med kvarandre.

Utkledde som julenissar

Bakgrunnsbilete på mobiltelefonen til Ziad er av borna hans, som bur her på Dale. Diana (12), Julia (10) og Amir (2) har på seg nisselue, og Fares (6) er utkledd i Spiderman-drakt.

Men Ziad har også fem born til. Fire av dei bur Sverige, saman med den andre kona hans. Å ha fleire enn ei kone er nemleg vanleg i fleire arabiske land. Ein av gutane hans er framleis i Syria. Sistnemnde veit han ikkje om lever.

– Eg er frå ein rik familie i Syria, eigde fleire hus og eit selskap, som bygde hus og selde bilar, og ein restaurant, men familien min og eg måtte flykta frå alt. I 2012 vart det nemleg problem med styresmaktene i Syria, fortel han.

Familien flykta

Krigen i heimlandet, vart løyst ut av den arabiske våren i 2011. Som mange andre land i Midt-Austen opplevde Syria opprør mot det autoritære regimet i landet, styrt av Assad-familien gjennom 40 år. Men opprøret vart slått hardt ned og markerte starten på borgarkrigen.

– Eg vart sett i fengsel i to år. Då eg hadde vore der i eit halvt år fekk familien beskjed om at eg var død. Etterkvart bestemte dei seg for å flykta til Libanon, forklarar han.

Men heilt plutseleg vart Ziad sett fri.

– Eg vart køyrt av ein lastebil med bind for auga til ein stad langt utanfor allfarveg utan mobiltelefon eller anna kommunikasjon med omverda. Derifrå brukte eg tre dagar å gå til Damaskus. Eg gjekk om natta, fordi eg høyrde skyting om dagen.

Gummibåt på Middelhavet

Han set seg litt frampå stolen, og auga blir blanke. Vegen til ei fredeleg liv har vore lang, og så dramatisk at det er vanskeleg å førestilla seg.

Etter å ha vore i fengsel visste han ikkje kor familien var, men i løpet av tida i Damaskus fekk han veta at dei levde og var i Trablous i Libanon. Han drog dit.

– Me fekk ikkje vera saman lenge før Mirvet og borna, og deretter kona mi som bur i Sverige, vart fengsla i Libanon.

Då skjønte Ziad at han måtte flykta vidare. Via ei dramatisk ferd over Middelhavet i gummibåt, kom han seg til Hellas og tok fly til Oslo.

– Eg budde 45 dagar på eit asylmottak i hovudstaden, før eg vart flytta til eit asylmottak i Odda, der eg var i to år.

Fekk opphald

Ziad fekk etter ei tid opphaldsløyve i Noreg og vart busett på Dale. Så søkte han om familiegjenforeining.

Sidan fleirkoneri ikkje er lovleg i Noreg, kunne berre den eine kona og borna hennar koma til Dale. Den andre kona har fått opphaldsløyve i Sverige, saman me borna sine.

– Både eg og mange andre i familien har opplevd mykje i krigen, mellom anna grov tortur i fengsel. Me flykta fordi me ville ha fred. Nokre av borna mine slit med traumar frå opplevingane, seier han.

– Sunn luft på Dale

Eit nytt liv på Dale er familien takksame for, og dei trivest her. Ziad fortel om mange snille naboar, og at dei berre har gode opplevingar etter å ha møtt og snakka med folk frå Vaksdal kommune. Dei likar dessutan å bu nært naturen.

– Det er lite sol og mange fjell, men mykje sunn luft å pusta inn, smiler han.

Borna går på skulen på Stanghelle. Ziad tek for tida grunnskuleutdanning, medan Mirvet held på å gjera seg ferdig med introduksjonskurset, som alle innvandrarar som har fått opphaldsløyve i Noreg må gjennom. Kurset består mellom anna av norsk og samfunnsfag.

– Når me skal slappa av likar me å vera i naturen, svømma på Vaksdal og grilla ute når det sommar, seier Ziad.

Ventar på snøen

Temperaturen ute vitnar om at vinteren er på trappene, men snøen lar framleis venta på seg. Uansett, jula kjem anten det er snø eller ikkje.

Borna til Ziad gler seg til jul som andre born i Vaksdal, og ser fram til at julenissen kjem på julaftan.

Også Ziad har draumar og ønskjer for framtida. Han ser fram til å bli ferdig med grunnskuleutdanninga og å på sikt skaffa seg jobb.

– Eg kan jobba med mykje, men vil aller helst jobba som bilmekanikar, seier han.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.