annonse

God cupstemning på Vaksdal

MORO
MORO: Det er kjekt å vera på cup synest frå venstre Hermann Hole, Liam Linde og Linus Ulveraker. (Foto: Esben Hesjedal)

Yrande liv og ivrige fotballspelarar var ingrediensane då nok ein vellukka Sparebanken Vest Cup i Vaksdal Idrettspark vart arrangert laurdag.

Esben Hesjedal

Arrangørklubben Vaksdal hadde flest lag med, i tillegg deltok lag frå Stanghelle, Dale, Modalen, Bulken, Samnanger, Hausvik, Fri og Valestrand Hjellvik. Til saman var 26 lag med på cupen, som er blitt ein fin tradisjon i starten av september kvart år.

Tiger-gutar

Vaksdal Tiger, gutar 2007, hadde ein spennande kamp mot Bulken.

– Det vart 5-8, men dei var litt eldre enn oss, forklarer Hermann Hole, Linus Ulveraker og Liam Linde like etter kampen.

Dei tre vaksdalsgutane var einige om at dei hadde spelt ein bra kamp.

– Eg stod i mål i den eine omgangen. Det er litt vanskeleg å vera keeper, eigentleg likar eg best å vera ute og hjelpa til med å skåra måla, fortel Liam.

Nye lag

Linus sette inn heile fire mål, medan Hermann knalla inn ei flott skåring like før slutt.

– Det er veldig kjekt å spela cup. Då treff ein nye lag, men me gjenkjende fleire frå fotballskulen på Dale som me var på i sommar. Stanghellingane spelte me uavgjort mot no i cupen, men me har slått dei før. Så dei har blitt betre, smiler Hermann og Linus, før dei hastar vidare i retning kiosken og velduftande grillmat.

Sjå fleire bilete her.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.