annonse

God sommar?

SKRÅBLIKK
SKRÅBLIKK: Spaltist Jan Per Styve serverer skråblikk i VaksdalPosten. (Foto: )

SKRÅBLIKK: No ønskjer vi kvarandre god sommar. Og vi meiner det. Aller mest vonar vi på ein god sommar for oss sjølve. For det er no vi skal oppfylle alle draumane vi hadde i haustregn og vinterkulde. Og vi skal få gjort alt det kjekke vi ikkje rakk i fjor sommar.

Blir det slik? Blir det ein god sommar, eller er vi for optimistiske? Det er mykje som kan gå gale. Ikkje minst vêret. Det kan bli skikkeleg dårleg. Og regnferie er ikkje så kjekk som solferie. Nokre reiser til Syden for å sikre seg sol. Då kan det bli altfor varmt – dei dagane det ikkje regnar. Sommarferie er den tida då mykje kan gå gale.

Har vi gløymt at mygg, knott og klegg ikkje tar sommarferie, men tvert imot jobbar ekstra då? Særleg ivrige er dei når sola kjem att etter regnbygene, og vi endeleg kan fyre opp grillen. Så står vi der og fiktar og bannar, og lurar på om kotelettane vi skal grille kjem frå ein lykkeleg eller ein vanstelt gris. Svidde blir dei i alle fall.

Den flotte fjellturen blir forkorta på grunn av ein forstua fot. Teltturen må avbrytast fordi teltet er mygla. Vi gløymde visst å tørke det skikkeleg etter teltturen i fjor – som var avbroten på grunn av regn.

For enkelte endar bilturen når UP brått står der og tar sertifikatet. Busstur til Legoland er ikkje det same. Andre må avlyse ein tur fordi fjerne slektningar brått kjem på besøk. Og mange må forkorte turen fordi feriepengane brått tar slutt.

Heldigvis veit vi ikkje om slike problem når vi ønskjer kvarandre god sommar. Aldri er vi så optimistiske som når sommar og ferie nærmar seg. Solkrem og grillmat i butikkane styrkar oss i trua på at alt blir topp, og at vêret blir minst like bra som i fjor sommar.

Blir det surt og vått og kaldt, slengjer vi oss på ein tur til Syden. Då kan ein vere sikker på at nett den veka kjem godvêret her heime. Og hotellet som såg så flott ut på bilda, viser seg å vere ein byggjeplass.

Vi sjekka ein gong inn på eit hotell i Bretagne i Frankrike, og betalte litt ekstra for å få havutsikt frå rommet – ei flott bukt med blått vatn. Men då vi kom attende frå middag ute i byen var havet forsvunne – fordi det hadde fjæra. Men vi fekk ikkje att pengane ...

Av Jan Per Styve

janperstyve@gmail.com

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.