annonse

Grønkledde vinnarar i VP-cupen

VINNARAR
VINNARAR: Møllegjengen i Team Agri varnn bedriftsklassen. Framme frå venstre Anita Toftevåg, Stian Olsnes, Bjørn Skjerveggen, Ronny Boge og Helge Boge. Bak frå venstre Even Johansen Indrebø, Ådne Herfindal, Carl Søråker, Kenneth Sandvik og spelande lagleiar Lasse Ulveraker. (Foto: Esben Hesjedal)
VINNARAR
VINNARAR: Botlastien Turn- og Ballklubb vann herreklassen i VP-cupen. Framme frå venstre Eivind Johansen, Ole Marius Jakobsen, Marius Kvamme Tollefsen og Alexander Krogsrud. bak frå venstre Rune Kristiansen, Kjell Arne Johnsen, Robel Grmay og Mads Larsen. (Foto: Esben Hesjedal)
FART
FART: Det var full fart i Turbinen både fredag og laurdag. (Foto: )
SKULELAG
SKULELAG: Laget frå Dale barne- og ungdomsskule like før kampstart. (Foto: )
TOPPSKÅRARAR
TOPPSKÅRARAR: Even Johansen Indrebø (t.v.) og Jonar heimdal Dalseid delte toppskårartittelen i bedriftsklassen. (Foto: )
KAMP
KAMP: Bjørn Gunvar Hop på Arnpro sitt lag, i kamp med Marianne Boge som spelte for Helsehuset. (Foto: )

Team Agri frå Felleskjøpet på Vaksdal vann bedriftsklassen, medan Botlastien Turn- og Ballklubb gjekk sigrande ut av herreklassen i VP-cupen i Turbinen. Fellesnemnaren var irgrøne drakter.

Esben Hesjedal

Fredag kjempa sju bedriftslag om å verta den første vinnaren av den nye bedriftsklassen i VP-cupen. Team Agri spelte seg til finale ved å slå Dale Trafikksenter i semifinalen, medan Spar Dale slo Helsehuset på Dale i sin nest siste kamp.

Møllegjengen jubla

I finalen viste møllearbeidarane seg å vera best. Stian Olsnes var målskårar då butikkgjengen på Dale vart slått 2-0. Olsnes spelte for øvrig mot mora Lise i finalen.

Lagleiar Lasse Ulveraker var høgt oppe etter at han hadde løfta pokalen.

– Dette var veldig moro, skikkeleg stas. Eg er van med å sjå arbeidarane slita på jobb, og i dag har dei verkeleg blødd for den grøne Felleskjøpdrakta. 2018 må bli eit knallår for Felleskjøpet, med grøne tal på botnlina. Eg kan ikkje forstå anna, smilte Ulveraker.

Dameklassen måtte avlysast grunna for få påmelde lag, men på dei fleste av bedriftslaga var det damer med.

– Det er kjekt å spela, sjølv om mange av oss ikkje er heilt ungdommar lenger. Og sjølvsagt er det bra for arbeidsmiljøet å vera med på slikt, meinte Lise Olsnes på finalelaget Spar Dale.

Botlastien

Laurdag vart kampane i herreklassen unnagjort. Dei siste års vinnarar, Lokomotiv Ballespark, spelte seg også i år fram til finalen. Her møtte laget som bestod av spelarar frå mellom anna Dale, Vaksdal og Osterøy ein lokal gjeng med lagsnamn henta frå ein høl i Daleelva, nemleg Botlastien Turn- og Ballklubb.

Også dette laget stilte i grøne drakter, og det skulle visa seg å halda heilt inn. I ein spennande finale leia favorittane Lokomotiv Ballespark lenge 1-0 etter skåring av Benjamin Kleppe. Men med siste sparket på ballen utlikna Mads Larsen for Botlastien. Dermed måtte det spelast ekstratid der første mål vann.

– Me satsar alt

Rune Kristiansen på Botlastien gav grei beskjed til lagkameratane at her måtte ein gå «all in».

– Får me ein sjanse, så satsar me alt framover! slo Kristiansen fast.

Og det skulle ikkje gå meir enn eit halvt minutt før sjansen baud seg. Laget hans satsa alt, og Eivind Johansen sette inn vinnarmålet til ellevill jubel mellom dei grønkledde.

Etterpå forklara Kristiansen taktikken.

– Eg visste at det andre laget eigentleg var betre enn oss. Difor var det berre å gje bånn gass om me fekk ein sjanse, og det betalte seg, humra brannmannen frå Dalegarden.

Vellukka bedriftsklasse

Frå arrangøren Dale IL, var tonane optimistiske, trass i færre deltakande lag enn tidlegare år.

– Bedriftsklassen har vore ein suksess, Den vil me vidareføra, ingen tvil om det. Årets turnering har gått fint føre seg, og me ser allereie fram til neste, sa Erlend Ragnvaldsen i Dale IL.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.