annonse

Gründerpris til Dale Outlet & Cafe

PRIS
PRIS: Kjell Ove Dalseid (t.v.) tok imot prisen som årets gründer 2017 frå fungerande ordførar Sigmund Simmenes. (Foto: )

Eit halvt år etter at ideen vart presentert, opna Kjell Ove Dalseid og kona Mildrid Dalegarden Outlet & Cafe.

Esben Hesjedal

– Engasjementet og evna til å raskt å realisera spennande planar fortener prisen som årets gründer 2017, sa fungerande ordførar Sigmund Simmenes.

Treng gründerar

– I ein kommune der hjørnesteinsverksemdene ikkje er like viktige for sysselsetjinga lenger, er personlege initiativ og nye idear frå gründerar avgjerande. Gründerar skapar arbeidsplassar for morgondagen, og slike er viktige for lokalsamfunna våre. Dette kan vera med å motverka at me vert sovebyar for Bergen, sa Simmenes.

Rask bygging

Kjell Ove Dalseid og Mildrid Hansen Dalseid kontakta Vaksdal kommune hausten 2016 og sa dei ville kjøpa tomta like ved E16 på Dalegarden.

– Før jul var dei i gang med bygginga, for dei ville vera i gang til sommarsesongen 2017. Det var vel kanskje ikkje alle som trudde at tidsplanen ville halda, men dei som møtte dei såg kor standhaftige og engasjerte dei var. Med minst mogeleg byråkrati og detaljar gjekk Dalseid rett på med krum hals. Til Daledagane 1. juni opna Dalegarden Outlet & Cafe, ei verksemd som har 700 kvm lokale til rådvelde, sa Simmenes.

Kjell Ove Dalseid tok imot utmerkinga, som i tillegg til blomar består av ein sjekk på 10.000 kroner.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.