annonse

Håpar å snu underskot til overskot

HÅPAR PÅ BETRE OMSETNAD
HÅPAR PÅ BETRE OMSETNAD: Etter at Joker Stamnes gjekk med underskot i fjor, håpar styret at fleire nyttar butikken framover. (Foto: Stine Strand Carlsen)

Stine Strand Carlsen

Joker Stamnes gjekk med underskot i fjor, men styret vonar at trenden vil snu i år.

– Underskotet vart på litt over 29.000 kroner. Omsetnaden i år ligg på om lag det same som i fjor. I år reknar me med å ha litt lågare kostnader, så eg trur og at me skal gå mot eit plussresultat, seier styreformann i Stamnes Handel AS, Rune Berntzen, som tok over leiinga etter Mons John Stamnes for eit års tid sidan.

Ny fungerande styrar

Også i butikken har det blitt ny leiing, der Jolanda Nijman frå Eidsland har vore fungerande dagleg leiar det siste året.

– Jolanda har fungert som dagleg leiar, og har gjort ein flott jobb så langt, seier Berntzen.

Nederlandske Nijman har god erfaring med butikkdrift frå før. Saman med mannen John van der Veldt dreiv dei nærbutikken på Eidsland frå 2007 og fram til april 2014, då dei til slutt vedtok å leggja ned drifta.

Stor konkurranse

Det er ikkje lett å driva butikk i distrikta, noko Berntzen kan skriva under på.

– Me har stor konkurranse på alle kantar. No etter at Eidsland i fjor igjen fekk ny lokalbutikk, er det klart at me merkar det på omsetnaden. Men her gjeld det at lokalfolket må vera bevisste og bruka butikken om dei vil ha dette tilbodet også i framtida, seier Berntzen.

Stamnes Handel AS skal ha generalforsamling neste veke, der mellom anna rekneskap for det siste året vil verta lagt fram.

– Utsjånaden på bygget har blitt diskutert mange gonger, skal dette pussast opp i næraste framtid?

– Huseigarane bytte vindauge i fjor, og det er me veldig takknemlege for. Det er også planar om å måla bygget, men dato er ikkje fastsatt. Me kjem uansett til å rydda opp og stella litt utanfor butikken, slik at det er så triveleg som det kan, seier Berntzen.

Stabile omsetning

Totale driftsinntekter var på 10,3 millionar kroner både i 2015 og 2016.

Driftsresultatet i 2015 var på 219.000 kroner i overskot, medan det i 2016 var 29.500 kroner i underskot.

Driftsresultatet pr. april i 2017 er + 23.000 kroner.

sc@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.