annonse

Har valt tunnelentreprenør

APRIL
APRIL: Tidlegast i slutten av april startar tunnelarbeidet i Beitla- og Langhelletunnelen opp. Arbeidet skal gå føre seg på nattstid, og kostnaden vil komma på kring 100 millionar. (Foto: )

BMO Entreprenør AS har fått oppdraget med å byta ut lysa i Beitlatunnelen og Langhelletunnelen. Kontraktsummen mellom dei og Statens vegvesen er på om lag 88 millionar.

Kristine Næss Thorsen

– BMO har gjort mindre arbeid for oss tidlegare, men me har aldri hatt dei som hovudentreprenør, forklarar Rune Sandven, prosjektleiar for tunneloppgraderingar i Statens vegvesen.

BMO, som skal utbetra Beitlatunnelen og Langhelletunnelen på E16, er eit elektrofirma. Utanom kontraktsummen med Statens vegvesen på om lag 88 millionar kroner, kjem tilleggsutgifter.

Større sluttsum

– Tilleggsutgiftene er til dømes ekstra arbeid, lønns- og prisstigning, moms og byggherreutgifter. I byggherreutgiftene ligg det til dømes løn til våre folk, diverse fellesutgifter, leige av lokale, bruk av køyretøy og varer, fortel Sandven.

Han reknar med at den totale summen for arbeidet blir ein god del over 100 millionar.

– Men me håpar det ikkje blir for mykje tillegg og for mange overraskingar når me går inn i tunnelane og riv ned gammalt utstyr.

Startdato ikkje sett

Arbeidet på E16 skal etter planen vera ferdig i april 2019. Oppstart på oppdraget blir tidlegast i slutten av april.

– Me har sendt brev til BMO om at dei er tildelt jobben, og brev til dei som ikkje har fått jobben. Dei som ikkje har fått prosjektet har klagefrist fram til 27. mars. Det er alltid ein usikkerheit når ein kan klaga, forklarar Sandven.

Dersom det ikkje kjem inn klager på avgjerda til Statens vegvesen, er neste steg eit samhandlingsmøte mellom entreprenør og vegvesenet, som er byggherre.

– I det tilfellet kjem me til å ta kontakt med BMO rett over påske, altså tidleg i april.

Må sjå an klagar

På samhandlingsmøtet tek vegvesenet opp det dei synest er utfordrande med arbeidet, og entreprenøren tek opp det dei synest er utfordrande.

– Får me møtet på plass i midten eller siste del av april, kan entreprenøren starta opp rett etterpå. Men møtet må vera gjennomført før det kan skje, forklarar Sandven.

– Kor lenger må oppstarten venta om nokon av entreprenørane som ikkje fekk jobben klagar på avgjerda?

– Det er litt avhengig av omfanget på klaga. Men me har tidlegare erfart at handsaming av slike klagar kan ta vekevis om dei er omfattande.

– Trygt å køyra

Sandven opplyser også om at sjølv om det blir ein oppgraderingsperiode i Beitlatunnelen og Langhelletunnelen, der det blir skifta ut det meste av tryggleiksutstyr, skal alt utstyret i tunnelane fungera når det er pause i arbeidet.

– Tunnelane skal ha skikkeleg tryggleik sjølv om me jobbar i dei. Me kjem til å ha utstyret som me har no, til me har etablert nytt utstyr. Først når me har fått det nye utstyret på plass kjem me til å riva ut det gamle.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.