annonse

Hekta på lokale turar

FRILUFTSKVINNE
FRILUFTSKVINNE: – Eg har gått i fjellet så lenge eg kan hugsa, seier May-Britt. Her er ho på Skjerjavasshovden, som er høgaste toppen i Vaksdal kommune på 1.264 moh. (Foto: Privat)

May-Britt Eriksen har gått 167 av 185 turar i Bergsdalen Opp sin nye turmålkonkurranse. Målet er å gå alle turane før konkurranseslutt 11. november.

Stine Strand Carlsen

– For meg har dette vore veldig kjekt og motiverande. Eg har fått sett mange nye stader som eg ikkje visste fanst ein gong, og i tillegg møtt mange nye folk på vegen, seier eksingedølen May-Britt Eriksen, som no er busett på Voss.

– Meir rettferdig

Turmålkonkurransen er eit nytt innslag i Bergsdalen Opp sin trimpoengkonkurranse. Leiar i Bergsdalen Opp, Frank Breistein, fortel at ein kan sanka turpoeng slik som før, men i tillegg sjekka inn ved dei ulike stadane og konkurrera om kor mange forskjellige turmål som er nådd.

– Dette gjer ein for å få ein meir rettferdig konkurranse. Der ein før kunne få poeng på same fjelltoppen fleire gongar for dagen, kan ein no også få poeng for talet på kor mange stader du har sjekka inn. Slik kan folk oppleva nye turar, også utanfor lokalområdet sitt, seier Breistein.

Går for full pott

May-Britt Eriksen tronar øvst på tabellen i turmålkonkurransen. Av 185 mogelege turmål, har ho til no sjekka inn på 167 stader.

– Målet er sjølvsagt å komma over alle stadane. Men nokre turar er ein veldig vêravhengig for å kunna gå, og andre stader bør ein ha med seg lokalkjende på vegen. Heldigvis har eg fått god hjelp av andre røynde turgåarar på mange av turane, seier May-Britt.

Mange av turane har ho gått med Kari Brørvik og Harald Olsnes, som ligg rett bak henne i konkurransen. May-Britt var med på trimkonkurransen til Bergsdalen Opp sist gong også, men er meir motivert denne gongen.

– Eg var med sist også, men det var ikkje for poenga sin del. Då var det meir ei oppkøyring til eg skulle gå Birkebeinarrennet. No når også turmål er ein del av tevlinga, er det mykje kjekkare å gå, seier ho.

Nye favoritturar

Den spreke dama har tråla Eksingedalsfjella heile livet, og kjenner stadane frå barndomsbygda si inn og ut.

– Eg har vel vore på så og seia alle toppar. Då eg var liten gjekk eg til Yksendalsstølen kvar søndag saman med bestefar min. Det var fast. Eg går framleis mykje der, og elles i Eksingedalsfjella. Fjella innom Gullbrå er veldig flotte, særleg Kvitanosi er å anbefala, seier ho.

Favoritturen mellom dei nye stadane ho har gått, fann ho i Bergsdalen.

– Breidablikk var ei heilt fantastisk oppleving. Eg likar meg best i høgfjellet, og terrenget her er ganske likt det me har i Eksingedalen.

Mindre deltaking

Deltakarprosenten i trimkonkurransen til Bergsdalen Opp er lågare samanlikna med sist konkurranse som var frå februar til juni.

– Bergsdalen har lågast deltaking (5 mot 19 i førre konkurranse). Dale og Stamnes har førebels under halve talet på deltakarar samanlikna med sist. Eidsland deltek for første gong og har difor allereie no betre resultat enn førre konkurranse, seier Frank Breistein.

Ingen bygder har hatt like stor deltaking til no som sist gong.

– Eksingedalen leiar klart framfor Bergsdalen, som har ein like klar andreplass. Stamnes, Dale, Stanghelle og Vaksdal ligg nokolunde likt, med Stamnes eit hakk før dei andre. Dei største bygdene ligg altså sist. Kvifor er det slik? spør Breistein, som håpar på meir sportsleg interesse framover i konkurransen.

Topp 10 i turmålkonkurransen (pr. 24. sept.)

1. May-Britt Eriksen (167 ulike turar)

2. Kari Brørvik (160)

3. Harald Olsnes (140)

4. Ingar Vatne (121)

5. Arild Soltvedt (93)

6. Wenche S. Vedaa (73)

7. Sissel Tvenge Olsnes (70)

8. Nina Bakke Amundsen (66)

9. Ståle Hesjedal (50)

10. Inge Olsnes (50)

Topp ti trimpoengkonkurransen

(pr. 25. sept.)

1. Inge Olsnes (15450 poeng)

2. Jomar Flatekval (11385)

3. Unn Evelyn Gullbrå (7395)

4. Kari Brørvik (7230)

5. May-Britt Eriksen (6220)

6. Berit Pettersen (5620)

7. Ingar Vatne (5020)

8. Mons Stamnes (4400)

9. Harald Olsnes (3945)

10. Liv Eli Stamnes (3840)

sc@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.