annonse

Høgre og SV mest fram, Ap tilbake

Kommunevalet
Kommunevalet: Frå oppteljing i bedehuset på Dale. (Foto: Esben Hesjedal)

SV går fram med 4 prosentpoeng og er jamstore med Sp i Vaksdal på vel 18 %. Høgre går fram med 4,8 prosentpoeng. Ap går tilbake med vel 10 %.

Esben Hesjedal

Det viser det førebelse valresultatet i Vaksdal. Kring 60 førehandsrøyster er ikkje talte opp, dei vert talte opp tysdag ettermiddag og kan påverka mandatfordelinga.

Ap er framleis det største partiet med 28,1 %. Sp får 18,7 %, SV 18,3 %, Høgre 16,1 %, FrP 8,4 %, KrF 6,0 %, Raudt 2,4 % og MDG 2,1 %.

Ap ligg an til å få 6 kommunestyrerepresentantar (2 færre enn før), Sp 4 (same som før), SV 4 (+1) og Høgre 4 (+2), FrP 2 (+1), KrF 1 (-1), medan MDG misser sin representant. Raudt ser ikkje ut til å komma inn i det nye kommunestyret.

VP kjem tilbake med meir.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.