annonse

– Hurra for nytt skulebygg på Vaksdal!

– DAB’AR FOR NY SKULE
– DAB’AR FOR NY SKULE: Glade elevar og lærarar på skuleplassen på Vaksdal. (Foto: Vaksdal skule)

LESARBREV: Me vil takke alle dei som har jobba for at vi sist måndag fekk eit vedtak i kommunestyret for heilt ny skule på Vaksdal!

På skulen flagga vi og fekk bollar og brus for å feira den gode nyheita. Me gler oss, og har byrja å drøyme om den nye skulen me skal få.

Den er ikkje teikna enda, men elevrådet har lyst å dele litt av det me syns er viktig for den nye skulen:

– Den må vera trygg, for både veslebroren og veslesøstera mi skal gå der.

– Me må ikkje bruka materiale som er til skade for nokon, som til dømes asbest.

– Me må tenkja at viss nokon har sjukdommar, så kan dei ha eit rom inntil klasserommet.

– Me må sei til dei elevane som går der at dei ikkje må teikna på veggane.

Vidare er elevrådet opptekne av uteområdet, og drøymer om gras, frukttre og større akebakke. Og tre som me får lov å klatra i! Me vil i alle fall ha ny ballbinge, og kanskje er det nokon som også likar basketball? Og så ynskjer vi oss eit stort klatrestativ med tunellrutsjebane. Variasjon er med andre ord viktig, og at det er noko for alle aldersgrupper. Me vil òg at skuleplassen skal vera ein kjekk plass å vera for familiar, så sitjeplassar vil vera fint.

Inne vil me ha gode garderobar og fine toalett. Me vil ha koselege og moderne klasserom. Det er viktig med betre pultar og stolar, og me vil også ha gruppebord til når vi skal ha klassemøte for eksempel. Me ynskjer oss også eit nytt og fint kjøkken med større kjøleskåp, sløydsal med nytt utstyr, og musikkrom som er lyddempa. Og så syns me SFO skal få eit langt bord, sofa og leikekrok. Me vil helst ikkje ha lekser, men veit ikkje heilt om det går an.

Etter påske skal elevrådet få vera med å sjå på teikningar, og få sei kva dei syns. Me oppmodar alle til å stille som kandidatar til elevrådet neste skuleår, for dei vil også få vera med å utforme skulen!

Helsing elevrådet ved Vaksdal skule: Selma A. Sæterdal, Mathias W. Bjørsvik, Kristoffer H. Birkeland, Marthe U. Herfindal, Odin S. Flatekval, Lilja K. Amundsen, Benjamin R. Njaastad, Omlandas Tarvydas og alle dei andre elevane

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.