annonse

Husbrann i Eksingedalen

SLØKTE
SLØKTE: Huset på Høvik kunne ikkje reddast etter at det tok til å brenna tidleg måndag morgon. (Foto: Magne Solhaug)

Kristine Næss Thorsen

Eit hus brann ned til grunnen på Høvik i Eksingedalen måndag morgon. Ingen er komme til skade.

Sigbjørn Villanger, brannkommandør ved 110-sentralen, opplyser at brannen er sløkt, men at huset brann ned.

– Det var ekteparet som eig huset som melde frå om brannen. Det er ingen andre enn dei to i husa omkring. Dette vart tidleg avklart.

Kjølar ned nabohusa

Han forklarar at brannmannskap frå Vaksdal og Modalen jobbar med å kjøla ned nabohusa og sikra at alt er sløkt.

– Dei kjem til å bli ein stund, seier Villanger.

Full fyr

Klokka 07.30 melde brannvesenet på Twitter om full fyr i huset på Høvik i Eksingedalen, og at brannvesenet frå Modalen var framme på staden.

VP kjem tilbake med meir.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.