annonse

Hytte i Hesjedalen brann ned

OVERTENT
OVERTENT: Hytta i Stamnes var overtent då brannmannskap kom fram til staden. (Foto: Vaksdal brannvesen)
UTRYKKING
UTRYKKING: Brannmannskap frå Dale, Vaksdal og Arna rykte ut. (Foto: Vaksdal brannvesen)
UTBRENT
UTBRENT: Hytta vart heilt utbrent. (Foto: Vaksdal brannvesen)
ETTERSLØKKING
ETTERSLØKKING: Brannmannskap driv ettersløkking ut over fredagen. (Foto: Andreas Hesjedal)

Ei for tida ubebudd hytte i Hesjedasvegen i Stamnes brann natt til fredag ned til grunnen.

Kristine Næss Thorsen

Brannvesenet fekk melding klokka 03.50 om brannen. Det var naboar som varsla, og det vart opplyst at hytteeigar for tida oppheld seg i utlandet.

Fred Bjørnberg i brannvernet på Dale opplyser at hytta var overtent då brannmannskapa kom fram.

– Det var full overtenning, og ingenting me kunne gjera for å redda bygningen. Me sytte for ei kontrollert nedbrenning, og utover i morgontimane vil eit mannskap på tre vera på staden og passa på og driva ettersløkking, opplyser Bjørnberg.

Vaktleiar ved 110-sentralen i Hordaland, Simen Villanger, opplyser at ressursar frå fleire brannstasjonar vart sendt til Stamnes.

– Mannskap får Dale. Vaksdal og Arna vart sendt. Brannfolk frå Dale er der enno. Det vert pumpa vatn frå ei elv og sprøytt på ruinane. Dei kjem til å stå der utover føremiddagen, til alt er kaldt, Villanger.

Han fortel at skorstein og veggar som stod att og som kunne vore farleg for omgjevnadane, er tekne ned.

knt@vp.no



Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.