annonse

Hytteinnbrot og tjuveri av båtmotor

Politiet melder om at det er gjort innbrot i ei hytte i Fossmark, og stole ein båtmotor på Kårstad i Veafjorden.

Esben Hesjedal

Politiet fekk melding om dei to hendingane fredag.

– I hytta i Fossmark er det gjort innbrot, rota rundt og gjort hærverk, fortel politibetjent Håvard Skattum ved lensmannskontoret på Voss.

I tillegg er ein båtmotor stolen frå ein båt som låg på vatnet på den veglause garden Kårstad i Veafjorden, mellom Stanghelle og Stamnes.

– Det er naturleg å sjå dei to hendingane i samanheng. Politiet er interessert i å høyra frå folk som kan ha sett noko som kan kasta lys over det som har skjedd, seier Skattum.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.