annonse

Innbyr naboane til møte om bitcoinstøyen

PLANLEGG MØTE
PLANLEGG MØTE: Gjermund Hagesæter, talsperson for Kryptovault AS, og Evy Kvamme, nabo til Dale Fabrikker, skal begge halda innlegg på møtet om Kryptovault si etablering i Dale Fabrikker. (Foto: Esben Hesjedal)

Kryptovault Dale arrangerer i dag, torsdag, eit informasjonsmøte i samråd med naboane som har klaga på lydnivået frå Dale Fabrikker etter at selskapet flytta inn dit.

  • Esben Hesjedal Kristine Næss Thorsen

– Me ønskjer å informera om aktiviteten vår i Dale Fabrikker, og ser i ettertid at me nok burde ha komme på bana tidlegare med meir informasjon, seier talsperson for Kryptovault AS, Gjermund Hagesæther,

Informasjonsmøtet er i dag i Dale Fabrikker, og er i utgangspunktet for naboar til fabrikken, som er råka av lyden.

– På møtet vil me informera og svara på spørsmål. I tillegg vil me lytta til dei innspela som kjem, og Evy Kvamme frå naboane på Bråtet har fått tid til ei innleiing tidleg i møtet. Me vil også visa rundt i lokala.

– Frustrerte

Nabo til Dale Fabrikker, Evy Kvamme, fortel at lydnivået er blitt betre, men at dei høyrer den enno, mest på ettermiddag og kveld.

– No ventar me på rapport frå Miljøretta helsevern som målte lyden sist veke. Dessutan har støyen byrja å bli høg på Øvre Eikhaugen og Skyttarplassen.

Ho fortel at naboane framleis er frustrerte.

– Me har ikkje vorte høyrte av Kryptovault, og har teke kontakt med kommunen som ikkje kan gjera noko. Eg er mildt sagt forbanna. Det har berre vore att og fram, og ingen kom på bana før VP tok saka.

– Burde vore åtvara

Kvamme meiner naboane burde fått eit skriv om at dei kunne bli utsett for støy i forkant av etableringa til Dale Fabrikker.

– Eg visste ikkje om det før støyen plutseleg var her. Hadde det vore bråk frå naboen, hadde me meldt det til politiet, men det kjennest som det ikkje betyr noko når lyden kjem frå Kryptovault.

Ho meiner det er mange spørsmål som framleis ikkje er svara på.

– Me håpar representantar frå kommunen og politikarar kjem på møtet.

Rolegare vifter

– Kva håpar du at kjem ut av møtet på sikt?

– På sikt håpar eg at viftene kan skiftast så det blir litt rolegare. Viss det ikkje blir betre kjem folk til å få helseplager. På grunn av støyen blir eg fortare irritert og klarar ikkje å konsentrera meg. Då eg sat inne då lyden var som verst, måtte eg ha på radioen og TV-en for å døyva den.

Ønskjer støyreduksjon

Hagesæter forklarar at han ønskjer å redusera støyen til godkjent nivå, og jobbar med tiltak.

– Me er ikkje heilt i mål. På oppsida, mot sentrum har det blitt betre. No jobbar me med den andre delen mot mellom anna Eikhaugen.

På sikt reknar han med kring 20 arbeidsplassar i Kryptovault på Dale, og seier dei opptekne av at etableringa skal gje noko att også lokalt.

– Me har etablert selskapet Kryptovault Dale, for at det som skjer her lokalt skal vera heimehøyrande i Vaksdal kommune og gje skatteinntekter til kommunen.

post@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.