annonse

Jakob i feltfinalen

Unge hordalandsskyttarar som markerer seg under Landsskyttarstemnet denne veka. Frå venstre
TALENTFULLE: Jakob Farestveit, Kristoffer Tvedt Skråmestø, Anita Bjørkedal og Sofie Evensen. (Foto: Trygve Mjelde)

SKYTING: Etter glimrande skyting i innleiande runde er Jakob Farestveit (16) finaleklar i feltskytinga sin juniorklasse på landsskyttarstemnet i Førde.

Magne Solhaug

Finalen går fredag. Jakob fekk sjuande beste resultat av dei i alt 330 juniorane som stilte på feltbana under landsskyttarststemnet.

16-åringen frå Vaksdal og Modalen Skyttarlag hadde 30 treff av 30 mogelege på skytinga, 22 av dei var innertreff.

Fornøgd og spent

– Eg er veldig fornøgd, og spent på kva finalen på fredag vil bringa med seg. Kjenner at eg er litt nervøs, vedgår skyttartalentet frå Modalen, som får kjensfolk med seg i finalefeltet.

To andre Hordalands-skyttarar er kvalifiserte: Kristoffer Tvedt Skråmestø og Anita Bjørkedal. Sistnemnde var aller best i innleiande runde med 27 innertreff av 30 mogelege.

På papiret har Jakob si sterkaste grein att, som er baneskytinga. Ein eventuell finale her er på laurdag.

Midt på treet

Vaksdal og Modalen Skyttarlag har med ein skyttar til på stemnet i Førde. Trygve Mjelde enda omtrent midt på lista av dei om lag 400 som deltok på feltskytinga i hans klasse, klasse 4. Seinare skal også han vera med på baneskytinga.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.