annonse

Jentelaget til topps

BESTE 9-ARLAGET
BESTE 9-ARLAGET: J15 Stanghelle/Dale/Vaksdal har det beste 9-arlaget fotballkretsen. Dette biletet vart tatt i sommar. Framme frå venstre Sunniva Sunde, Julia Zylar og Rebekka Hartveit. Bak frå venstre Lena Sellevold, Laura Langhelle, Mari Faugstad Hesjedal, Thea Frotveit, Nora Teksum-Roe, Selma Brattabø, Vilde Litangen Jacobsen og Heidi Vaksdal. I tillegg har fire spelarar frå J14 vore med laget på ein del kampar. Dette er Sunniva Faugstad, Nora Helle, Maren Boge Fotland og Hedda Straume Fyllingslid. (Foto: Privat)
FORNØGDE
FORNØGDE: – Me har hatt ein veldig kjekk fotballsesong, fortel (f.v.) Nora Teksum-Roe, Thea Frotveit og Vilde Litangen Jacobsen. (Foto: Magne Solhaug)

FOTBALL: Med seks sigrar i haustsesongen vart Stanghelle/Dale/Vaksdal sitt 15-årslag kretsmeister.

Magne Solhaug

Laget kjempa med Samnanger om 1.-plassen i serien for 9-arlag, og den kampen vart ikkje avgjort før i siste serierunde.

Spennande

– Samnanger spelte sin siste kamp nokre dagar etter oss. Skulle me vinna så måtte dei tapa, og det gjorde dei. Me sat og følgde med, det var spennande, smiler Nora Teksum-Roe.

Saman med veninnene Thea Frotveit og Vilde Litangen Jacobsen er ho tre av jentene frå Vaksdal, Dale og Stanghelle på laget som spelar 9-arfotball saman.

– Sesongen i år har vore den beste me har hatt, og det er første gong me har vunne så mykje og gått heilt til topps i avdelinga vår, fortel Thea.

Cup i Haugesund

Utanom seriespelet har ein også delteke i ein cup i Haugesund no i haust.

– Me spelte jamt med alle me møtte, sjølv om det vart nokre tap. Når me får til å spela slik me trenar på, då er alt så mykje kjekkare. I mange kampar i serien i år har me spelt veldig bra, meiner Vilde.

Jentene har reist på sommarcupar på Ål alle år, der ein tidlegare har overnatta i klasserom.

– I Haugesund var standarden betre. Me har fått inn pengar på dugnad og budde på hotell, det fortente me verkeleg, smiler fornøgde fotballjenter.

Jentene dominerer

I ungdomsfotballen i Vaksdal, der alle lag er samarbeidslag mellom klubbane Dale, Vaksdal og Stanghelle, har det denne hausten vore jentelaga som har markert seg. Her har både 14-, 15- og 17-årslag vore med.

På gutesida er det verre. Her måtte to av tre lag, juniorlaget og 13-årslaget, trekkjast frå serien etter vårsesongen grunna spelarmangel.

Unntaket mellom gutelaga er 14-årslaget, som også spelar i 9-arserien som har hatt ein god sesong.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.