annonse

Jordbærsesongen i gang

FASTE KUNDAR
FASTE KUNDAR: David Mbogo-Svensson og borna Jakob (1,5), Sarah (2,5) og Emanuel (5) handlar ofte hjå naboen Ragna Lid. - Jordbæra er dei beste eg har smakt, seier David. (Foto: Stine Strand Carlsen)
SONEN I SVING
SONEN I SVING: Eivind Lid Trøen (20) hjelper til med å få den nye utsalsbua på Lid klar. (Foto: Stine Strand Carlsen)
SANITÆRHUS
SANITÆRHUS: I Bergsøyane er det kome opp eit nytt sanitærhus med bad, kjøkken og lunsjrom for dei 11 sesongarbeidarane som jobbar som jordbærplukkarar. (Foto: Stine Strand Carlsen)

Etter ein ustabil sommar, er Bergsdalsjordbæra endeleg modne. Ragna Lid og Arnfinn Trøen satsar stort og utvidar stadig åkrane, som no er over 15 mål.

Stine Strand Carlsen

– Det har gått litt treigt i sommar. Ein periode såg det ut til at det skulle verta veldig bra, med varmt og godt vêr. Det varte ikkje så lenge, dessverre, seier Ragna Lid.

Men no er jordbæra klare, og på Lid har familien bygd ny utsalsbu i vegkanten.

– Det var på tide at me fekk ei skikkeleg bu, med tak og betre plass. Me har også lyst til å laga til ein eigen logo, seier Ragna.

Lenge i bransjen

I over 30 år har Ragna og mannen dyrka jordbær i Bergsdalen. Dei siste åra har dei utvida åkrane med fleire felt både på Lid og i Bergsøyane.

– Me har godt over 15 mål med jordbærfelt no. I tillegg dyrkar me mange typar grønsaker. Det er noko spesielt med jorda her oppe, som lagar svært gode avlingar, seier Ragna.

I Bergsøyane, om lag to kilometer frå Lid i retning Voss, er dei fleste jordbæråkrane å finna. Tunnelltak for å halda regnet vekke og filtdukar for å halda varmen, er heilt naudsynt for ein god produksjon i Bergsdalen. Paret har også investert i fleire humlebol for å auka pollineringa i åkrane.

– Me har utvida sakte men sikkert, og har i sommar 11 arbeidarar i sving. I Bergsøyane har me også bygd eit stort sanitærhus, med bad, kjøkken og lunsjrom til arbeidarane. Her er også kjølerom, med større plass til å lagra jordbæra og grønsakene, seier Ragna.

Samarbeid med Bama

I tillegg til å selja jordbær og grønsaker på butikkar og frå utsalsbua, har Ragna og Arnfinn også inngått eit samarbeid med Bama Storkjøkken.

– Ein gong i veka leverer me råvarer til eit stort lager i Arna. Desse blir brukte på diverse storkjøkken rundt om på restaurantar i Bergen. Det er eit stort kvalitetsstempel for oss at Bama ser på produkta våre som nokre av dei beste i lokal målestokk, seier paret.

Ser framover

Dei reknar med å selja jordbær heile august, og kanskje også heile september.

– Bæra modnar sakte her oppe i fjellufta, men dei er vel verd å venta på. Grønsakene er ikkje heilt modne enno, men det er ikkje lenge att.

I Bergsøyane er gravemaskina kontinuerleg i sving, og neste sesong vert åkrane utvida endå meir.

– Me skal i alle fall utvida med eit par mål til. Produkta våre blir berre meir og meir populære, så det gjeld å smi medan jernet er varmt.

sc@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.