annonse

Journalistikk kostar

: Dette symbolet viser at saker krev abonnement. (Foto: )

VaksdalPosten innfører ei betalingsløysing på VP.no, slik mange andre aviser tidlegare har gjort.

For å lesa dei låste artiklane på VP.no må ein ha registrert seg med digital brukar. Alle abonnentar kan få dette ved å kontakta VP.

Årsaka er at det kostar å produsera journalistikk. Anten det gjeld lokale, regionale eller nasjonale saker så trengst det finansiering. I eit tid med fallande annonseinntekter, må lesarane i større grad enn før betala for nyhende.

Me håpar på forståing frå lesarane våre for at me må ta betaling for det me produserer, slik andre bransjar på sjølvsagt vis gjer. Kven ville vel spasera inn på ein butikk og forventa å få varene gratis?

Me ønskjer våre abonnentar velkomne på innsida av betalingsløysinga, og vil tilby nokre saker tidlegare på nett enn før. Dei av abonnentane som ikkje har oppretta digital brukar, kan få dette ved å senda e-post til: abonnement@vp.no

Dei som til no har lest saker gratis på VP.no, håpar me vil verta med oss vidare som betalande kundar. Klikkar ein på ei sak med hengjelås, vil ein få tilbod om å få lesa alle saker, e-avisa og papiravisa dersom ein også vil ha denne, for 49 kroner første månaden.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.