annonse

Julegateopning, førjulsfest og peparkakelandsby

SKAL BLI LYS
SKAL BLI LYS: Torsdag morgon såg det slik ut i Gatå på Dale. (Foto: Esben Hesjedal)

I dag, torsdag, vert det lys i julegata på Dale. I tillegg opnar ein spennande peparkakelandsby i bankbygget.

Esben Hesjedal

Tradisjonen tru vert det korpsmusikk, song av skuleelevar og lystenning når førjulstida startar på Dale. I år er arrangementet lagt til torsdag 30. november.

Peparkakelandsby

Ei nyskaping denne gongen, er peparkakelandsbyen i banklokala i Gatå. Bak dette står Dale Sentrumsforeining og Liv og Lyst-prosjektet Dugnad for Dale.

Ei av drivkreftene bak dette, Eva Blålid, fortel om stort engasjement rundt prosjektet.

– Me har fått kjempemange peparkake-byggverk, så banklokala er fulle. Responsen har vore over all forventning. Eg gler meg verkeleg til folk skal få sjå utstillinga, smiler Blålid.

– Overvelda

Saman med Bodhild Laastad har ho organisert det heile, og lokala er velvillig lånt ut av Kero.

– Me er overvelda over responsen på denne ideen. Mange av peparkakebygga kan ein kjenna att, og det er langt frå berre bygningar frå Dale. Det er mange som har bidrege, både skular, barnehagar, AO-senteret, Introsenteret. I tillegg har mange familiar, med både foreldre og besteforeldre, baka og stått på. Nei, dette er moro, fortel Blålid fornøgd.

I banklokala kan ein også sjå fotografi av Dale Fotolag, og nissar og husflidsprodukt laga av Janne Berge.

Førjulsfest i Dalehallen

Julebelysninga i Gatå vert det meir av i år enn tidlegare.

Etter at julegrana utanfor høgbygget er tent, og peparkakelandsbyen er opna, er det førjulsfest i Dalehallen. Her skal Dale Musikkforening syta for julestemning, saman med syngjande elevar frå barneskulen på Dale.

På Vaksdal søndag

Også i andre bygder vert det lystenning i tida som kjem. På Vaksdal er det tenning av lysa i julegrana i Senterparken søndag ettermiddag. Vaksdal Musikklag spelar, og det vert utdeling av gløgg og peparkaker.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.