annonse

Julemarknad fredag og laurdag

MELDER REGN
MELDER REGN: Opphaveleg skulle julemarknaden vera på parkeringsplassen til Petersens Handleri, men sidan det er meldt dårleg vêr skal den vera innomhus i det som tidlegare var Liv Annes kafé. (Foto: Kristine Næss Thorsen)

Vaksdal Husflidlag skipar til julemarknad på Liv Annes kafé fredag og laurdag.

Kristine Næss Thorsen

– Me har sett litt på julemarknadar rundt omkring, og vart litt inspirert av at Liv og Lyst-prosjektet, seier Evy Kvamme i Vaksdal Husflidlag.

14 utstillarar

Til julemarknaden kjem 14 utstillarar.

– Til dømes skal Odd Reigstad ha med leverpostei og sylteflesk, og ein får mogelegheit til å kjøpa korv i brød. Leiren Laks stiller opp fredag og laurdag. Bergsdalstunet kjem på laurdag, forklarer Kvamme.

Elles vert det mellom anna sal av nissar, julepynt, lappesaum, julekaker og saueskinn. På føremiddagen på laurdag kjem Agnar Sellevold og lagar julestemning med trekkspelmusikk.

– Me skal prøva å gjera det koseleg, og det blir sal av gløgg, peparkaker, lappar og kaffi sjølvsagt. Dessutan blir det lynlotteri med fine gevinstar, seier Kvamme, som håpar at folke tek turen til Dale.

– Me har sendt ut invitasjonar til medlemmar for å få folk til å melda seg på. Me har hanka inn ulike utstillarar, slik at ikkje alt som blir selt er heilt likt.

– Skal de gjera dette til ein tradisjon?

– Me vil prøva å ha det årleg på denne tida, for det blir jo litt julestemning av ein slik marknad, smiler Evy Kvamme.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.