annonse

Kamp både for solidaritet og E16

: 1. mai Dale. (Foto: )
: 1. mai på Vaksdal. (Foto: )
: 1. mai Dale. (Foto: )
: 1. mai Dale. (Foto: )
: 1. mai på Vaksdal. (Foto: )
: 1. mai Dale. (Foto: )
: 1. mai Vaksdal. (Foto: )
: 1. mai Dale. Magne Rommetveit i samtale med Laila Himle om E16. (Foto: )
: 1. mai Dale. (Foto: )
: 1. mai Dale . (Foto: )
: 1. mai Vaksdal. (Foto: )
: 1. mai på Vaksdal. Talar Oddny Irene Miljeteig, til høgre Evelyn Boge. (Foto: )

Kamp for K5 og trygg E16 stod sentralt i 1. mai-markeringa på Dale, medan meir tradisjonelle saker stod i fokus på Vaksdal

Esben Hesjedal

På Dale var oppslutnaden på det jamne i sola. Ein kald vind kjølte og minna folk om at det er vår, ikkje sommar. Mellom parolane i år var «Arbeid til alle» og «K5 NO». Særleg sistnemnde fekk merksemd, då toget til slutt samla seg i paviljongen.

– Livande redde

Der hadde Laila Himle, aksjonsleiar for ny E16 Arna-Voss, ført ordet.

– Nyleg følgde eg for første gong regjeringa si framlegging av Nasjonal Transportplan, og ei rekkje gongar høyrde eg orda «fart og tid». Men for E16 mellom Arna og Voss handlar det om at me er livande redde. Difor må vegen prioriterast i første del av NTP, slo Himle fast.

Ho viste både til arbeidsmiljøvernlova og barnelova, og meinte at både dei som hadde vegen som arbeidsplass og foreldre som sende borna sine på skuleveg på E16, har krav på trygg veg.

– Me har landets farlegaste veg her, og me treng stortingspolitikarar som prioriterer dette. K5 må inn i første del av NTP, sa ei engasjert Himle.

Skuffa

Hovudtalar Magne Rommetveit, stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet, starta sin tale med å snakka om K5. Han hevda at samferdsleministeren har skuffa stort når det gjeld å halda lovnader om at gjennomføringsfarten på samferdsleprosjekt skulle aukast.

– I Arna fortalde statsministeren at fellesprosjektet med ny veg og bane Arna-Stanghelle skulle byggjast i andre del av planen, altså frå 2024 og utover. Og reststrekninga Stanghelle-Voss var ikkje ein gong med i 12-årsplanen. På spørsmål frå meg i Stortinget sin spørjetime svarte Erna Solberg at ho ville ha samtalar med KrF og Venstre med sikte på å framskunda Arna-Stanghelle. Det synest eg er bra, men det er skuffande at ho ikkje tok den praten med ein gong, slik at det då kunne ha vore inne i det endelege NTP-forslaget. me er no spente på kva løysing samarbeidspartia vil koma med overfor Stortinget, sa Rommetveit.

Han fortalde at hans parti, Arbeidarpartiet. vil komma med sitt syn i saka når samferdslekomiteen på Stortinget skal leggja fram si innstilling 12. juni, ei veke førsaka skal opp til avgjerd i Stortinget.

– Ap jobbar intenst med planen, og me vil anstrengja oss for å prøva å få til ei framskunding av Arna-Stanghelle, sa Rommetveit.

Ap har ikkje konkludert

På spørsmål frå VaksdalPosten etter talen, vedgjekk Rommetveit at Ap ikkje har konkludert om ein vil gå inn for K5 i første planperiode.

– Partileiinga kjenner godt til kva som rører seg her i Hordaland når det gjeld K5, men det er ikkje konkludert i denne saka. Det pågår no ei større høyring om Nasjonal Tranpsportplan, og denne veka skal fylkespolitikarar frå ulike delar av landet komma med sine innspel. Å flytta på midlar er ikkje lett, og dersom det er slik som signala regjerings- og støttepartia har komme med, nemleg at ein må omprioritera innanfor fylka, så er det ekstra vanskeleg. Det er jo berre Sotrasambandet frå Hordaland som er med i første del av NTP, sa Rommetveit.

Godt oppmøte på Vaksdal

Trass i langhelg og strålande fint vårvêr trekte 1. mai-tilskipinga på Vaksdal bra med bygdefolk og tilreisande. Ei fornøgd Evelyn Boge i arrangementsnemnda fortalde om at ein for første gong måtte ha dobbel bordseta på 1. mai-frukosten i Synken.

– Det var veldig kjekt, smilte Boge, før pensjonert fagforeiningsleiar Harald Ulvøy la ned krans på Magne Bolstad sin bauta, fagforeiningsmannen i Norsk Jernbane som vart arrestert for illegalt arbeid under 2. verdskrigen og sett i konsentrasjonsleiar i Tyskland der han døydde i 1944.

– Historia om Bolstad og andre motstandsmenn må ikkje bli gløymt. Den må me ha med oss inn i framtida i arbeidet for fridom, likskap og solidaritet, sa Ulvøy.

– Folkemakt mot pengemakt

I prosesjonen var det to parolar. LO sin «Nei til lausarbeidarsamfunnet, berre faste tilsetjingar gjev eit anstendig arbeidsliv» og SV sin «Folkemakt mot pengemakt». Bak sistnemnde gjekk også dagens talar på Vaksdal, Odny Irene Miljeteig. SV politikaren brukte tida på talarstolen til mellom anna å hamra laus på dagens blå/blå-regjering, og til å oppmoda om solidaritet med dei som treng det, dei fattige både ute og heime:

– Kjære dykk. I dag bind vi saman hender med våre kameratar, kvinner og menn over alle landegrenser. Folkemakt mot pengemakt, sa Miljeteig.

eh@vaksdalposten.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.