annonse

Kan få inntil 300.000 kr i tvangsmulkt

FRYKTAR IKKJE TILSYN
FRYKTAR IKKJE TILSYN: Verkstadeigaren meiner han har lite å frykta i tilsynet som er varsla på «Eide senior» (t.v.) og «Anders». (Foto: )
EIGAREN
EIGAREN: Bjarne Olav Eidnes er eigar av mykje omtala Stamnes Motorverkstad. (Foto: )

Stamnes Motorverkstad har slite med å levera ein pålagt skipsrapport til Vaksdal kommune, som no varslar inntil 300.000 kroner i tvangsmulkt.

Magne Solhaug

Verkstadeigar Bjarne Olav Eidnes fortel at han i vinter fleire gonger har sagt frå om at han ikkje greidde å få den tekniske rapporten over «Anders» og «Eide senior», dei to båtane hans som i 12 år no har lagt i ro ved kaien på verkstaden, ferdig til fristen i slutten av april.

Rakk ikkje fristen

Rapporten skulle mellom anna ha avklart forureiningsrisikoen ved dei to skipa, som kommune kallar lågstandardskip.

Då rapporten ikkje låg føre, så måtte også eit planlagt tilsyn på båtane førre veke utsetjast.

Meir tvangsmulkt

No har Vaksdal kommune sett nye fristar for rapport og tilsyn. I eit skriv signert konstituert rådmann Åse Elin Myking og einingsleiar for samfunnsutvikling Willy-André Gjesdal, heiter det at ny frist for teknisk rapport er 15. mai og at det to veker seinare, 29. mai, vil verta tilsyn på båtane. Med på dette tilsynet vert også folk frå Kystverket og Sjøfartsdirektoratet.

– Dersom rapporten ikkje vert framlagt innan fristen 15. mai, ilegg kommunen verkstaden ei tvangsmulkt på 200.000 kroner. Denne mulkta kjem i tillegg til dei 100.000 kronene som allereie er utløyst ved overskriding av den førre rapportfristen, heiter det i skrivet frå kommunen.

Skuffa

– Eg hadde utfordringar i vinter med å få laga denne rapporten i tide, noko eg heile vegen har forklart. No har eg kontrollen på det, rapporten skal vera klar til 15. mai, seier Eidnes, som ikkje fryktar tilsynet som vil koma i slutten av månaden.

– Eg har fjerna det ein kallar farleg avfall, og båtane inneber elles ikkje nokon fare for ureining. Så den saka er eg trygg på. Men, eg synest det er ille at eg ikkje kunne få nokre vekers utsetjing. Eg meiner eg hadde gode grunnar. Tvangsmulkta som står att, den svir, seier Eidnes til VP.

Har betalt redningsaksjon

I vinter var det også ein redningsaksjon på ein av båtane, «Anders», som tok inn vatn. Vaksdal brannvern rykte ut, og Eidnes fekk rekninga.

– Det som skjedde med «Anders» er ein av grunnane til at eg bad om utsetjinga på rapporten. Eg har arbeidd mykje gjennom vinteren på den båten, seier Eidnes, som fortel at den nemnde rekninga har han betalt. Den kom på 115.000 kroner.

Angrar

– Kvifor kvittar du deg ikkje med desse to båtane som har lege i ro her så lenge?

– Eg skulle nok hatt gjort det i 2005, då hadde eg fått bra betalt. Så det kan du godt seia eg angrar på. Pr. i dag er det å hogga dei eit alternativ, men dette er eit stort tapsprosjekt, seier Bjarne Olav Eidnes, som framleis har eit sterkt ønske om å kunna setja båtane inn att i fraktefarten.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.