annonse

Kjempar om midlar til korpset

ØNSKJER STØTTE
ØNSKJER STØTTE: Vaksdal barne- og ungdomskorps ønskjer seg ein bilhengjar dei kan bruka til å frakta slagverk til korpsøvingane. Biletet er frå ein haustkonsert på Stamnes. (Foto: Arkiv)

Vaksdal barne- og ungdomskorps konkurrerer med andre frivillige organisasjonar om pengestøtte frå BKK. Du kan avgjera om dei får pengar.

– Me ønskjer oss ein bilhengjar som me kan bruka til å frakta slagverk til konsertar og seminar. I dag må me køyra i fleire personbilar for å få med oss alt, fortel leiar i Vaksdal barne- og ungdomskorps, Terje Pedersen.

Konkurransen om BKK-midlane blir avgjort med avstemming via Facebook på BKK sine nettsider. Av dei 25 frivillige organisasjonane som har søkt om støtte, er det dei 15 med flest røyster som får pengar til det dei har søkt om.

– Ein kan røysta ein gong per dag på dei ein vil at skal vinna, opplyser Pedersen.

Færrast røyster

I skrivande stund har Vaksdal barne- og ungdomskorps akkurat nok røyster til at korpset er mellom dei 15 organisasjonane som ligg an til å få pengar. Det betyr at folk må halda fram med å røysta, dersom korpset skal få støtte til å kjøpa bilhengjaren.

– Eg vil oppfordra alle til å røysta på oss. Dessutan samarbeider me også med Samnanger skulemusikklag denne sesongen, så ein må gjerne røysta på dei dersom dei ligg dårlegare an enn oss, spøkjer Pedersen.

Han forklarar at korpset kom på å vera med på BKK-konkurransen fordi fleire i styret spelar i Blanke Messingen, som fekk for ei tid tilbake fekk kjøpt ein tuba for BKK-midlar.

– Kva vil midlane bety for Vaksdal barne- og ungdomskorps?

– Sidan me er det einaste skulekorpset i Vaksdal som framleis eksisterer, er musikantane spreidd over heile kommunen. No er det eg som køyrer slagverket til konsertar og seminar, men bilen eg har er for liten, så eg må køyra mange turar. Med ein hengjar får eg plass til alt slagverksutstyret, noko som vil forenkla transporten.

– Spreidd i kommunen

Vaksdal barne- og ungdomskorps sitt hovudkorps har øvingar på Stamnes. Til hausten satsar korpset på ha aspirantkorps både på Vaksdal, på Stanghelle, på Dale og på Stamnes, i tillegg har dei tenkt å oppretta juniorkorps både på Dale og Stamnes.

– Me er eit janitsjarkorps, men har mykje messingblåsarar og treng fleire treblåsarar. Sjølv om me har mange aspirantar, ønskjer me fleire musikantar for å få full besetning. Me oppfordrar alle som er interessert i musikk til å byrja i korpset, seier han.

Her finn du lenka til avstemminga.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.