annonse

Klar beskjed frå politiet

VILLMANNSKØYRING
VILLMANNSKØYRING: Politiet vil ha slutt på det dei kallar «villmannskøyring» med mopedar på Dale. (Foto: Arkiv)

Politiet vil ha slutt på det dei kallar villmannskøyring på Dale med moped. I går, tysdag, var dei på plass for å snakka med aktuelle, unge mopedistar.

Magne Solhaug

Lensmann Robert Veseth fortel at politiet den siste tida har teke imot ei rekkje meldingar frå folk på Dale om desse ungdomane.

– Dei dette gjeld har framvist ein køyrekultur som me vil ha slutt på, og det fekk dei klar beskjed om i går, sa Veseth.

Ulovleg køyring

Politiet har fått fleire meldingar på køyring med stor fart i 30-sona i Dale sentrum. Denne køyringa skal også ha funne stad på plassar der mopedar ikkje skal køyra.

– Inne på leikeplassar og fotballbaner, til dømes. Dette er heilt uhaldbart, og dette melde me tilbake til ungdomane me var i kontakt med på Dale i går, seier Veseth.

Han håpar meldinga var klar og tydeleg, og at dette hjelper.

– Om ikkje så kan det lett skje ei alvorleg ulukke. Hjelper ikkje formaninga vår, så tek me oss fleire turar til Dale, og då kan reaksjonane bli sterkare, seier lensmannen.

– Dette skal me ha slutt på

Han fortel vidare at køyretøya til desse ungdomane skal inn til teknisk kontroll.

– Dette for å sjekka at dei omstridde mopedane er lovlege å køyra med. Me trur at dei er det, men det skal me no finna ut. Dei skal uansett brukast på vettig vis, seier Veseth, som elles er oppteken av at ein skal ha ein god dialog ungdomane.

– Det er det beste for alle partar, men samstundes skal det også vera trygt og opphalda seg på Dale for alle. Og om denne «villmannskøyringa» skulle dukka opp igjen, så må folk gje beskjed til oss. Dette skal me ha slutt på, seier lensmannen.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.