annonse

Klart for Bergsdalen Opp

LØP
LØP: Laurdag skal løparane igjen prøva seg på Bergsdalsvegen. Her Eli Anne Dvergsdal og Helge Simmenes i aksjon i fjor. (Foto: Arkiv)

Laurdag brakar det laus igjen, når folk skal springa, sykla og gå på rulleski frå Dale og opp til Storefossen.

Esben Hesjedal

Arrangøren av Bergsdalen opp håpar på stor deltaking og kanskje ein løyperekord eller to.

For i løpsklassen kjem to av dei som har sprunge raskast opp til Storefossen før, nemleg Thorbjørn Ludvigsen og Espen Roll Karlsen. Førstnemnde har løyperekorden frå 2015, som framleis lyder på 16 minutt og 18 sekund. Roll Karlsen har tredje beste tida 39 sekund bak.

– Det ligg an til ein verkeleg spennande duell mellom dei to. Me håpar sjølvsagt på løyperekord, sjølv om rekordane som står i løpsklassen og sykkelklassen er sterke og vanskelege å forbetra. Det er nok størst rom for forbetring i dameklassane og for dei som går på rulleski, seier Frank Breistein i arrangørkorpset.

Treng trimmarar

I tillegg til dei som tek seg raskt opp dei fire kilometrane til Storefossen, så håpar Breistein spesielt på at mange trimmarar blir med.

– Det er god deltaking i mosjonsklassen som gjer at løpet blomstrar. Då får ein samtidig mykje folk langs løypa som kan heia fram dei aller beste. Det er folkefesten rundt løpet som er viktig, seier Breistein.

Han understrekar at terskelen for å vera med, anten ein vil springa eller gå, er låg. Sjølv stiller han som vanleg med rulleski.

– Mitt mål er minka avstand til den nest dårlegaste. Det betyr ikkje at eg trur eg kjem til å gå raskare enn tidlegare, men eg håpar at det kjem ein ny deltakar som berre litt betre enn meg, smiler Breistein.

Speakerteneste

Arrangøren av Bergsdalen Opp meiner å ha funne forma til arrangementet, og rekkjefølgja på det som skjer. Først er det barneløp i Gatå og så fellesstart for trimmarane. Etter det startar syklistane, så løparane og til sist dei som går rulleski.

– Så skal me ha premieutdeling i Gatå relativt raskt etter målgang, slik at dette vert eit kompakt arrangement. Elles er det aktivitetar i Gatå, med både barneriding med Hestane på Helle og snikkaraktivitetar med Falkanger Bygg. I tillegg vert det som vanleg utfyllande speakerteneste med Bjarte Ytre-Arne og Ole Hesjedal bak mikrofonane.

Motbakkecup

Nytt av året er at lokale arrangørar har slått seg saman om ein motbakkecup for Vaksdal og Modalen. Forutan Bergsdalen Opp inngår Middagshaugen Opp på Stamnes, Nedstavatnet opp på Mo og Gygrakjeften opp i Eksingedalen.

– Ein må delta i tre av fire løp for å vera med på kjempa om dei beste samanlagtplassane og premiane. Det er også greitt å vita for dei som er med i trimpoengkonkurransen til Bergsdalen Opp at ein får 300 poeng for kvart løp i motbakkecupen ein deltek i, fortel Breistein.

– Møt fram!

Han håpar folk møter fram til løpet laurdag, og er med å lagar ei fin ramme rundt Bergsdalen Opp. Alf Hesjedal sitt stipend til ein ung idrettsutøvar skal dessutan også delast ut.

– Me håpar sjølvsagt flest mogeleg vil delta, men det er også viktig med mykje publikum. Så set av laurdagen til Bergdalen Opp og ver med på folkefesten, oppmodar Breistein.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.