annonse

Klart for sykkelfest

Klart
Klart: Torsdag kjem Tour des Fjords-sirkuset til Modalen og Vaksdal. (Foto: Mario Stiehl/Tour de Fjords)

Magne Solhaug

På Mo, i Eksingedalen, på Eidsland, Stamnes, Dale og Vaksdal vert det aktivitetar og anna moro Kristi Himmelfartsdag før og når Tour des Fjord-feltet passerer på den 2. etappen av årets ritt.

Slik det ser ut no så skal dei 130 syklistane, med Edvald Boasson Hagen som ein av dei mest profilerte, verta møtt med mykje folk og stor jubel når dei torsdag om ei veke trør forbi på lokale vegar på veg mot målgangen i Norheimsund.

Oppmodinga til folk er å møta fram i sine bygder, og ta med flagg, trompetar og anna som gjev lyd, og vera klar til å heia når feltet passerer.

Tidsskjema

Tidsskjemaet ved eit slikt arrangement, er naturleg nok litt omtrentleg. Kor raskt syklistane tek seg fram frå starten i Brekke i Sogn til Modalen så innover i Vaksdal kommune, er vanskeleg å vita eksakt.

Sykkelfeltet er venta til Mo kring klokka 14.15. På Vaksdalssida av Modalstunnelen er feltet forventa å passera 14.33, Eidsland 14.54, Stamnes 15.04, Dalseid 15.24 og Vaksdal 15.52. Men det kan vera lurt å vera på plass i god tid før desse tidene, både for ikkje å bli snytt for å sjå ryttarane - men også fordi det skjer aktivitetar i mange bygder på førehand. Vegane vil verta stengt minst ein time før syklistane er forventa å passera.

Stort følgje

Når Tour des Fjords rullar gjennom våre område, er det langt frå berre dei kring 130 syklistane som kjem. Like mange motorsyklar og servicebilar er med, fremst vil det vera uniformert politi og ein eigen rittbil som varslar at det kjem eit sykkelløp.

Mo

På Mo vert det barnesykkelritt i sentrum, vaksenstafett og andre aktivitetar på fotballbana. Båttur på fjorden er også eit tilbod, og TV-sendinga frå rittet vert vist på storskjerm.

Eksingedalen

På Vaksdal-sida av Modalstunnelen møtes eksingedølane. Idrettslaget har skipa til sykkeltur ned dalen, og Voss sykleklubb er invitert på tur frå Evanger til Modalstunnelen. Lokalmat, bålpanner, kaffi, toradarmusikk og vonleg mykje folk vil møta syklistane når dei syklar ut av Modalstunnelen og inn i Vaksdal kommune.

Eidsland

Grilling ved butikken, og servering av kaffi og kaker, er mellom det som skal føregå på Eidsland før syklistane kjem.

Stamnes

Speling og underhaldning vert det i Stamnes sentrum, der det også er planlagt sykkelløp for dei minste. Veteranklubben skal ha utstilling, og Brørvikskuto og havkajakkar vert å finna på fjorden. Lokalmatprodusentar har også meldt at dei vil bidra til sykkelfesten Kristi Himmelfartsdag.

Dale

Her har Bergsdalen Opp-arrangørane fått tidlegare syklist og no TV2-profil, Dag Otto Lauritzen, til å stilla som startar av barnesykkelrittet som skal avviklast i sentrum før feltet passerer. Også sentrumsforeininga er på bana med aktivitetar og moro, og ein har mellom anna engasjert Torsdagsklubben til å spela.

Etter å ha sykla på Fv 569 skal syklistane ved Dalseid inn på den kommunale vegen gjennom Dalseiddalen og forbi ungdomsskulen mot sentrum, ned forbi Dale of Norway, Elvevegen til Dalegarden - der ein set kursen mot Vaksdal på E16.

Vaksdal

Her er det også planar om sykkelaktivitetar for dei minste på skulen i Vaksdalsgarden før Tour des Fjords-feltet passerer. Sal av kaffi, saft og kaker vert det også her til vonleg mange feststemte vaksdølingar som kjem for å heia fram syklistane. På Vaksdal kan ein få oppleva ein bakkespurt på nært hald. Syklistane tek av frå E16 i Skreien og flgjer Skreiavegen Denne skal gå frå Gamlebanken og opp til Vaksdal skule.

– Kom og bli med!

Det er Modalen kommune og Vaksdal kommune som har drege i snorene og organisert det heile. I Modalen er kommunen arrangør, medan i Vaksdal er det lag, organisasjonar og private som har teke utfordringa.

– Eg synest dette ser bra ut, så håpar me på flott vêr og at folk møter fram og bidreg til at dette vert ein kjekk og minnerik sykkeldag, seier Mona Mekki ved Innbyggjarservice i Vaksdal kommune.

Også i Tour des Fjords er ein fornøgde når dei ser kva som skal skje langs løypa.

– Dette er svært bra. Veldig flott at ein greier å skapa aktivitetar så mange stader langs løypa. Me håpar at mange møter opp, og me gler oss til å komma til Vaksdal og Modalen og laga sykkelfest, seier Siv Mary Espedal, som har ansvaret for kultur- og folkefestdelen av Tour des Fjord.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()