annonse

Klart for Vintertreff

FREDAG
FREDAG: Tor Endresen spelar på Vaksdal fredag. (Foto: )

Trass i litt varierande billettsal trur Ronny Boge i Vaksdal underhaldningslag på nok eit vellukka Vintertreff.

Esben Hesjedal

Like sikkert som at februar kjem, er det at vaksdalsbygda siste helga vert fylt opp av artistar og feststemte publikummarar.

Kalas for dei unge

I år er kanskje Freddy Kalas det største artistnamnet, i alle fall ser han ut til å bidra til at laurdagen vert ein bra dag. Spesielt barne- og ungdomskonserten med Kalas laurdag ettermiddag, kjem til å bli ein fulltreffar.

– Me har aldri selt så mange billettar til nokon ettermiddagskonsert for dei unge før, så dette lova bra. Det nærmar seg fullt, og det er veldig kjekt, seier Ronny Boge.

Lokalt vinnarband

På laurdagskvelden skal Kalas avslutta Vintertreffet, saman med banda Dirty Deeds og lokale Violent Gin.

– Eg trur det vert ein veldig bra kveld. Me har selt bra med billettar, og erfaringsmessig går det mange billettar dei siste dagane og i døra. At det lokale bandet Violent Gin gjekk til topps i musikkmagasinet Rockman sin konkurranse for beste rockelåt i 2017 med låten I Would Lie, gjer deira konsert berre endå meir aktuell, seier Boge.

Endresen og Nyheim

Fredagskvelden er det Tor Endresen, aktuell frå TV2-programmet Hver gang vi møtes, som skal på scena. Med seg har han mellom anna trommis Helge Nyheim frå Vaksdal, slik at det lokale alibiet er på plass også denne kvelden. I tillegg spelar det danske bandet Østre Gasværk, som byr på musikk av Kim Larsen.

– Dette trur eg vert ein veldig kjekk kveld. Det er nokre billettar igjen, men eg vågar ikkje å garantera at det er billettar att i døra fredag kveld, seier Boge.

Lunken Klypa-interesse

Minst billettar då VP snakka med Boge tidleg i veka, var det selt til Klypa sitt show torsdag.

– Her er me litt skuffa. Klypa har riktig nok vore på Vaksdal før, men det er eit heilt nytt show han har med seg denne gongen. Kanskje er det for mykje å prøva å dra folk opp av godstolen tre dagar på rad? Uansett håpar me mange bestemmer seg no i innspurten og tek turen i samfunnssalen. Velkomne skal dei i alle høve vera, og billett i døra skal dei få kjøpt, smiler Boge.

Laurdag føremiddag vert det som før marknad på sentertorget, og fredag ettermiddag er det Vinterkonferanse for næringslivet i aktivitetshuset.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.