annonse

Klarte å redda hovudhuset

HØVIK
HØVIK: Brannmannskap driv sløkkjingsarbeid på Høvik. (Foto: Magne Solhaug)
HØVIK
HØVIK: Måndag morgon starta det å brenna i eit kårhus på Høvik, nedst i eksingedalen. (Foto: Magne Solhaug)

Geir Ove Carlsen vakna måndag morgon av at det brann i kårhuset på Høvik. Han er glad ikkje fleire bygningar gjekk med i brannen.

Esben Hesjedal

Husa i tunet på Høvik står tett, det er mindre enn ti meter frå kårhuset som stod i brann til hovudhuset der Carlsen og kona bur.

– Eg vakna av ein knitrelyd, og då eg såg ut stod kårhuset i brann. Då ringde eg naudtelefonen, fortel Carlsen til VP.

Huset stod tomt

Kårhuset har i helga vore leigt ut til nokre jegerar, men var tomt då brannen starta.

– Brannmannskap frå Modalen kom allereie etter 20 minutt og fekk starta med sløkkingsarbeid. Det var imponerande kjapt. Også brannmannskap frå Dale og Vaksdal kom til.

Redda hovudhuset

Det vart raskt klart at kårhuset ikkje kunne reddast, og at hovudhuset til Carlsen som stod like ved stod i fare. Naboen rett over vegen, Dan Børge Høvik, kom raskt til med ein traktor. Han fekk frakta vatn frå elva som ein tømde på hovudhuset for å kjøla dette ned. Ein klarte å redda dette, men vindauga på sida mot kårhuset eksploderte.

Takk

– Både brannmannskapa og nabo Dan Børge fortener ei stor takk for innsatsen, seier Carlsen.

Utover måndag føremiddag vert det drive ettersløkking på Høvik.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.