annonse

Kommunen i beredskap etter vegstenginga

DRONE
DRONE: Geolog Harald Hauso sende onsdag opp ei drone for å sikra bilete frå rasstaden. I tillegg var han oppe for å sjå i fjellsida med eigne auge. (Foto: Esben Hesjedal)

Vaksdal kommune er i beredskap i samband med at vegen til indre strøk er stengt etter raset onsdag morgon. Vegvesenet sin geolog veit ikkje når vegen kan opnast.

Esben Hesjedal

Ordførar Eirik Haga opplyser at det vert vurdert å setja opp båtskyss forbi rasstaden.

– Leiar for det kommunale kriseteamet, Åse Elin Myking, har dialog med Statens vegvesen om det som har skjedd og ein vil vurdera om det er behov for båtskyss, Når det gjeld helsetenester, så har me kontroll på tilbodet til brukarane av heimetenester i Stamnes og vidare innover i indre strøk. Lege er det på Mo, opplyser Haga.

Beredskap

Han fortel vidare at det vert jobba med å sikra brannberedskap i området som no manglar den vanlege kommunikasjonen med E16 og resten av Vaksdal kommune.

Elles peikar ordføraren på at det var hell i uhellet at det no er haustferie for skulane, men at ungdomsskulen må vurdera om ein skal leggja til rette for fjern-/digitalundervisning dersom vegen framleis er stengt i neste veke.

Uvisst når vegen opnar

Geolog i Statens vegvesen, Harald Hauso, seier til VP at det førebels er umogleg å seia noko om når fv 569 kan opnast igjen.

– Eit reinskelag frå Mesta er venta til staden i dag, onsdag. Eg har sjølv vore oppe i fjellsida på staden der raset losna, og der ligg det ei laus, større blokk som må fjernast. Tanken no er å prøva å få den ned ved hjelp av ein luftpute. Den bles seg opp med stor kraft og vil forhåpentlegvis gjera at steinblokka rullar nedover mot vegen, seier Hauso.

Vurderer ulike tiltak

I tillegg kan det verta behov for noko fjellsikring, til dømes med bolting, og å etablera ein eller fleire plankemurar oppe i fjellsida.

– Det er vanskeleg å seia kva tiltak som er nødvendige allereie no. Det vil me måtta vurdera litt etter litt. Men det som skal gjerast er i hovudsak ein manuell jobb som reinskelaget skal utføra. Dei klatrar opp i fjellsida med tau, opplyser Hauso.

Han vil ikkje seia noko om når han tru vegen kan opnast igjen.

– Det er umogleg å seia noko om slik situasjonen er no Me veit for lite. Men det vil nok ta noko tid, det er det ingen tvil om, seier geolog Hauso.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.