annonse

Kraftig kollisjon i Beitlatunnelen

KRAFTIG KOLLISJON
KRAFTIG KOLLISJON: To bilar kolliderte i Betlatunnelen onsdag. (Foto: Esben Hesjedal)
ULUKKE
ULUKKE: Polit og anna redningsmannskap kom raskt til ulukkesstaden, kring 100 meter inne i Betlatunnelen på Dalegard-sida. (Foto: )
Ulukke
Ulukke: Ambulansepersonell var raskt på staden. (Foto: )
KØ
: E16 vert truleg stengt i fleire timar. Større køyretøy kan ikkej nytta seg av omkøyringsmoglegheitene på den kommunale vegen via Dalegarden. (Foto: )

To bilar frontkolliderte i Betlatunnelen på E16 ved Dale onsdag føremiddag. Fire personar er sende til sjukehus.

Tre av dei involverte er hardt skadde, opplyser Haukeland universitetssjukehus. Det gjeld ein mann på 18 år, ein mann på 48 år og ein mann på 63 år. Ei kvinne som er 67 år er lettare skadd.

Luftambulanse henta ein person, og dei andre vart frakta bort i ambulanse.

Bil med tilhengjar

Ulukka skjedde kring 100 meter inne i tunnelen på Dalegard-sida. Den eine bilen som var involvert i ulukka hadde ein hengjar med stein, og mykje stein låg inne i køyrebana. Den eine bilen låg på taket. Begge køyretøya har fått store skadar i det som ser ut til å ha vore ein kraftig kollisjon.

Utrykkingsleiar i Vaksdal brannvern, Kai Ove Grenasberg, fortel at brannmannskapa fekk melding om front mot front-kollisjon, og rykte ut.

– Det var til saman fire personar i dei to bilane, og dei er no frakta ut av tunnelen. Det har vore ein kraftig smell, skadane på bilane er store, seier Grenasberg på skadestaden.

Dårleg lys

Beitlatunnelen har i fleire år stått utan vanleg tunnellys. Berre nokre svake lykter på eine sida lyser opp tunnelen.

LIke etter klokka 12 opna E16 igjen. Det var omkøyringsmogelegheiter for personbilar via Dalegarden medan E16 var stengt.

eh@vp.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.