annonse

Laga informasjonstavler om Vaksdal

INFO OM SKILTA
INFO OM SKILTA: På eit skilt ved Vaksdal senter står det om informasjonstavlene som er laga. Adrian Knutsen, Tobias Falkanger, Julie Mathilde Knutsen Larsen, Ariana Njåstad Boge, Kristoffer Litangen Jacobsen og Lilja Kvernhusteigen Amundsen var blant elevane som var med å laga informasjonstavler. (Foto: Kristine Næss Thorsen)

Elevane ved Vaksdal skule har vore med å laga informasjonstavler om mellom anna Mølleparken, Herfindalen og Sildastaskjeret.

Kristine Næss Thorsen

– Det var veldig kjekt å læra om fleire plassar i bygda, fortel Ariana Njåstad Boge i 7A.

Ein kulturminnesti som er blitt kalla «Vaksdalvegar» er laga på Vaksdal. På kulturminnestien er det sett opp informasjonstavler om ulike stadar i bygda, som Vaksdal-elevane har vore med å laga.

– For å finna informasjon til skilta leita elevane på nettet, dei skreiv det dei fann, delte opplysningane og tok bilete til tekstane. I tillegg intervjua dei eldre folk om stadane og fekk nye opplysingar frå dei, fortel lærar Marit Midtun.

Teikna og måla

Det er laga informasjonsskilt om Sildastaskjeret, Vaksdal stasjon, Mølleparken, Trollsanipa, Synsvollbakken, Herfindalen og Bogavatnet, som er sett opp ved desse stadane.

Midtun forklarar at 6. og 7. klasse jobba på tvers av klassane, medan dei yngre elevane jobba innanfor sin klasse.

– Dei kunne knytta prosjektet mot ulike fag. Elevane las og skreiv. Dei dekorerte også skilta ved å måla og teikna.

Mariell Olaissen Hovlandsdal i 7A seier det var gøy å måla, ta bilete og teikna dei ulike plassane.

– Og så var det kjekt å gjera noko anna enn vanleg skule, meiner Tobias Falkanger i same klasse.

Kommunalt prosjekt

Det var Oliver Gravermoen og forgjengaren hans Sveinung Klyve i Vaksdal kommune som initierte prosjektet og søkte om midlar til å laga informasjonstavler. Linda Lien og Elisabeth Gjessing er frivillige gjennom Vaksdal Idrettslag, som er samarbeidspartnar for prosjektet.

– Poenget er å leggja til rette for tur og samtidig kunne løfta fram lokale kulturminne, som det er mange av på Vaksdal. Me spurde om me kunne involvera skulen og utvikla eit opplegg der me kunne kombinera undervisning og læring, fortel Linda Lien.

Skryt av elevane

Ho meiner elevane har vore utruleg flinke.

– Det er fint at dei har intervjua lokale ressurspersonar og flott med lokale illustrasjonar. Dei har jobba grundig og teke vare på informasjon som tidlegare berre har vore formidla munnleg.

– Kvifor valde de å laga informasjonsskilt om akkurat dei stadane?

– Det er mange plassar som kunne fått skilt, men me fordelte det litt med tanke på at ulike plassar representerte ulike tema, seier Lien, og fortel at supplerande informasjon til informasjonsskilta ligg på nettsida til Vaksdal Idrettslag.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.