annonse

Laga peparkakeverkstad for yngre elevar

BAKING
BAKING: 10.-klassingane Ingrid Marie Gullbrå (t.v.) og Martine Verpelstad hjalp dei yngre elevane med bakinga. (Foto: )
IVRIGE
IVRIGE: Peparkakebakinga var populært mellom elevane. (Foto: )
BAKING
BAKING: 10.-klassingane Martine Verpelstad (t.v.) og Emilie Krogsrud Vatle var mellom dei som hadde ansvar for bakinga. (Foto: Esben Hesjedal)

Fire 10.-klassingar inviterte nyleg barneskuleelevar til bakeverkstad på ungdomsskulen.

Esben Hesjedal

I faget PVT (produksjon av varer og tenester) skal ungdomsskuleelevane prøva seg på ulike former for aktivitetar. Kva då med å laga bakeverkstad for 4. og 5.-klassingar, tenkte Ingrid Marie Gullbrå, Joakim Sandvik, Emilie Krogsrud Vatle og Martine Hammer Verpelstad.

– Me har hatt to bakedagar, og over 20 barneskuleelevar kom og var med på peparkakebaking. Det har gått veldig fint, og i tillegg til sjølve bakinga har elevane fått pynta peparkaker og me har servert kakao og hatt quiz. Dessutan tok me 50 kroner i inngangspengar, og dei skal me gje til born og unge i andre land som ikkje har det like bra som oss, fortalde Ingrid Marie Gullbrå.

Då VP var innom var også eting av peparkaker ei viktig aktivitet.

Linnea Soltvedt Frantzen og Tinde Faugstad var mellom dei som var med på verkstaden.

– Det er veldig gøy, og 10.-klassingane har vore greie, smilte dei to stanghellejentene.

Lærar Jarle Audestad var litt stolt av avgangselevane sine då han var innom.

– Ja, dette har dei fiksa på imponerande vis. Det er tøft gjort å ta ei slik utfordring, og peparkakene var gode, smilte ein fornøgd lærar.

eh@vp.no


Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.