annonse

Læ­rer om tann­puss og sunn mat

PUSSAR
PUSSAR: Lena Sellevold (f.v.), Mari F. Hesjedal, Thea Frotveit, Sandra N. Kalvik og Ingeborg Straume Audestad testar ut råda til tannpleiar Ingvill Nygård i praksis. (Foto: Kristine Næss Thorsen)
GJEV RÅD
GJEV RÅD: Tannpleiar Ingvill Nygård gjev råd om tannpuss til elevane. (Foto: Kristine Næss Thorsen)
SKULEFRUKOST
SKULEFRUKOST: Oda Hesjedal, Rebekka Helene Skaala Hartvedt, Regine Kydland, Emilie Eintveit og Amalie Hesjedal Skrede og Julija Sceglova ventar på mat. (Foto: Kristine Næss Thorsen)

Ele­va­ne i 8. klasse ved skulen på Dale job­bar denne veka med noko som er kalla Heart-pro­sjek­tet.

  • Kris­tine Næss Thor­sen

– Er det no­kon som veit kor mange gon­gar for da­gen ein bør pus­sa ten­ne­ne?

Tann­plei­ar Ing­vill Ny­gård held ein stor plast­munn i den eine han­da, og ein stor tann­børs­te i den andre han­da.

– Mor­gon og kveld!

8.-klassingane, som den­ne mån­da­gen har tred­je time i kantinen, er kjap­pe med å sva­ra.

Sku­le­fag til side

Det er Heart-pro­sjek­tet, som er ut­vik­la av den of­fent­le­ge tann­hel­se­te­nes­ta i Hor­da­land og Tann­hel­se Ro­ga­land, som er hø­vet for vit­jin­ga frå tann­plei­a­ren. Den­ne veka er nem­leg dei van­le­ge sku­le­fa­ga sett til side, og ele­va­ne skal læra om tann­hel­se, hel­se, er­næ­ring, ak­ti­vi­tet og rus­føre­byg­ging, i til­legg til å laga ei pro­sjekt­opp­gå­ve.

– Er det no­kon som veit kor len­ge ein skal pus­sa ten­ne­ne då, spør tann­plei­ar Ny­gård.

– I to til tre mi­nut­tar, sva­rar Oda He­sje­dal.

Tann­plei­a­ren ret­tar den sto­re tann­børs­ten mot ten­ne­ne i den sto­re plast­mun­nen.

– Om ein pus­sar i to til tre mi­nut­tar blir det 30 sekund på kvar stad, om ein pus­sar fram­me og bak, oppe og nede, for­kla­rar ho.

– Tann­børs­ten skal vera vink­la 45 gra­der mot tann­kjø­tet. Der­som ein byr­jar å blø av pus­sin­ga er tann­kjø­tet gjer­ne be­tent, og då be­tyr det ei­gent­leg berre at ein må pus­sa meir, sei­er ho, før ho de­lar ut tannbørstar til ele­va­ne, slik at dei kan prø­va ut det dei har lært i prak­sis.

Fekk fru­kost

Også fru­kost står på pro­gram­met den­ne fø­re­mid­da­gen. Ele­va­ne skal eta grovt brød med sunt på­legg, medan dei er i kantinen.

In­ge­borg Straume Au­de­stad har ik­kje noko imot å få fru­kost på sku­len.

– Det er smart at me får litt opp­læ­ring i tann­puss. Det er nok ik­kje alle som er like flin­ke, mei­ner San­dra N. Kalvik, som sit ved same bord som In­ge­borg.

Som pro­sjekt­opp­gå­ve i sam­band med Heart kan ele­va­ne velja mel­lom oppgåver innan drama og dans, tekst el­ler teik­ne­se­rie­pro­duk­sjon, kunst og hand­verk, un­der­sø­king, mu­sikk el­ler film­pro­duk­sjon.

– Det er vel­dig kjekt. I sam­band med pro­sjek­tet har mi grup­pe valt kunst og hand­verk-opp­gå­ve, der me skal teik­na graffiti, for­kla­rar Re­gi­ne Kyd­land.

– Vik­tig for psy­ken

Læ­rar Sol­frid Straume for­kla­rar at ele­va­ne skal ha fru­kost og tann­puss, i til­legg til fy­sisk ak­ti­vi­tet kvar dag. Mån­dag skal dei læra meir om dei uli­ke tema i Heart-pro­sjek­tet et­ter un­der­vis­nin­ga i kantinen.

På slut­ten av sku­le­da­gen har dei lagt ti­men med fy­sisk ak­ti­vi­tet.

– Det er bra at ele­va­ne læ­rer kor­leis dei tek vare på hei­le krop­pen. Det dei skal læra om er relevante ut­ford­rin­gar for denne aldersgruppa, sei­er ho.

– Å ha ei god fy­sisk hel­se legg også grunn­lag for ei god psy­kisk hel­se, sei­er Straume.

knt@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.