annonse

Lettare skadd i trafikkulukke på Stanghelle

ULUKKE
ULUKKE: Torsdag føremiddag kolliderte ein motorsykkel og ein personbil i krysset på Stanghelle. (Foto: Magne Solhaug)

Like før klokka 10 melde politiet at ein motorsykkel og ein bil hadde kollidert på E16 ved Stanghelle.

Naudetatane rykte ut til staden, og det vert meldt at ein person er lettare skadd og frakta til Bergen med ambulanse.

Skadestadsleiar Magne Folkestadås opplyser til VP at motorsyklisten var ein kvinneleg, tysk turist.

– Slik politiet ser det no så har motorsyklisten komme køyrande i retning Bergen, og personbilen som køyrde ut på E16 frå Stanghelle har ikkje overhalde vikeplikta, seier Folkestadås.

Lokale brannmannskap, politi og ambulanse rykte ut til Stanghelle. Luftambulansen var også på staden, men returnerte tom.

E16 var stengt i ein time. Like før vegen vart opna klokka 10.50, stod det kø til Fossmark i retning Bergen.

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.